Sigrun Eng (A): Kan Miljøverndepartementet stille stimulerings- og innsamlingsmidlar til disposisjon for eit slikt positivt tiltak?
Begrunnelse
Alle kommunane i Hallingdal (6 stk) er oppteki av på regionalt nivå å ta tak i metallskrot. Gamle bilvrak, gardsutstyr, gravemaskinar parkert i skogen, på fjellet, i myrer, ja på dei mest utenkjelege plassar. Dette gjeld bilvrak ifrå før vrakpant vart innført.
Difor må det til ein motivasjon. Ein vil i same operasjon gi bønder og entrepenørar tilbod om å levere inn avdanka mekanisk utstyr. Dette vil sjølsagt koste kommunane ein god del sjølv om metal kan seljast. Avstandane er store for innsamling og vidare handsaming.