Sigrun Eng (A): Kan miljøvernministeren gi eit svar på vegne av de involverte departementer på stoda, og når tiltak skal setjast ut i livet, tiltak som monar?
Begrunnelse
Fleirtalet i Samferdselskomiteen har i budsjettinnstillinga 1998/99 blant anna sagt at noko må gjerast for å få ei større vassgjennomstrømning frå Steinsfjorden og ut i Tyrifjorden. Den økologiske ubalansen er fortsett foruroleg, til tross for lokale tiltak.
Den krepsestamma som Steinsfjorden er kjendt for lever eit høgst utrydningstrua liv. Eg nemner og bade, rekreasjon og jordbruksvasskjelda. År om anna er vatnet totalt forbudt å bruke. Vi snakkar om ei vedvarande miljøbombe.
Dette var ein samferdselssak, det er no ein miljøsak og i tillegg har verneinteressene vakna.