Svar
Kjell Opseth: Eg visar til Dykkar brev av 7. februar 1997.
I brev frå Kommunal- og arbeidsdepartementet av 10. oktober 1996 til Arbeidsdirektoratet sa departementet mellom anna følgjande:
"Kommunal- og arbeidsdepartementet finner at bankkasserere og kunderådgivere i bank samt EDB-konsulenter som utfører kontorstøtterelaterte datatjenester, PC-arbeid, brukerstøtte og datarelaterte servicefunksjoner ikke kommer inn under kontorbegrepet i utleieforskriftenes §1 annet ledd. Vi viser for øvrig til Arbeidsdirektoratets brev av 23. april 1996 som nærmere beskriver innholdet i datatjenestene. Utgangspunktet for departementets avgjørelse er hovedregelen i sysselsettingslovens §27 om at det er forbudt å drive utleie av arbeidskraft, og den klare forutsetning at slik virksomhet skal begrenses mest mulig. Dette tilsier en restriktiv fortolkning av utleieforskriftene, og listen over yrker og arbeidsoppgaver som faller inn under det generelle unntaket er ansett som uttømmende. Arbeidsoppgavene, som de opplistede yrker omfatter, er fortolket slik at unntaket videre bare dekker arbeidsoppgaver av mer underordnet karakter. De ovennevnte yrker og arbeidsoppgaver faller således ikke inn under unntaket i §1 annet ledd."
Sjølv om forskrifta om utleige av arbeidskraft eller forarbeida til denne, ikkje inneheld noko nærare tyding av omgrepet "kontorarbeid" vil eg peika på følgjande:
§27 i sysselsettingslova blei i si opphavlege form vedteke i 1971 på grunnlag av Ot. prp. nr. 53 (1970-71). Innstillinga frå eit utval som hadde greia ut dei ulike spørsmål kring utleige av arbeidskraft blei lagt ved lovframlegget som eit prenta tillegg til dette. I innstillinga blei det gjort framlegg om å leggja fram eit utkast til forbod mot utleige av arbeidskraft lik det forbodet som seinare blei vedteke av Stortinget. Innstillinga gjev på side 18 eit oversyn over utleigeforholda i kontor- og butikksektoren. Det blir her sagt følgjande:
"Utleiefirmaene i kontor- og butikksektoren påtar seg forskjellig slags kontorarbeid som stenografi, maskinskrivning, kopiering, stensilering, bokføring o.a. samt butikk- og lagerarbeid m.m."
Av dette framgår det klårt kva for arbeidsoppgåver som utvalet meinte høyrde til omgrepet "kontorarbeid" i forhold til utleige av arbeidskraft. Av denne opplistinga går det klårt fram at oppgåvene er av underordna karakter, for det meste tekniske støttefunksjonar. I Ot.prp. nr. 53 (1970-1971) står det vidare på side 12:
"Departementet vil som utgangspunkt uttale at det i det alt vesentlige slutter seg til synspunktene og forslaget til lovendringer i den foreliggende utvalgsinnstilling."
Departementet slutta seg, slik eg ser det, til utvalet når det gjeld innhaldet i omgrepet "kontorarbeid".
Arbeidsmarknadsetaten har difor heile tida lagt til grunn at omgrepet "kontorarbeid", når det gjeld utleige av arbeidskraft, berre dekker arbeidsoppgåver av underordna karakter. Det er også denne tydinga som er lagt til grunn for det allmenne unnataket frå forbodet mot utleige av mellom anna "kontorarbeid" i forskrifta §1 anna ledd. Arbeid med sakshandsaming og anna arbeid som krev meir kvalifisert dugleik fell utanfor kontoromgrepet. Så tidleg som i 1973 uttala departementet i eit brev til Manpower AS at utleige av arbeidskraft ikkje omfatta leiarar.
Eg vil også nemne at Stortinget i 1995 skjerpa arbeidsmiljølova med omsyn til mellombels tilsetjing. Ein konsekvens av dette var sjølvsagt at utleige av arbeidskraft ikkje skulle auke, slik at mellombels tilsetjingar skulle finne ei anna form. I Innst. O. nr. 2 (1994-95) side 29 sa eit fleirtal i komiteen følgjande:
"Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, ser også med bekymring på utviklingen i arbeidsmarkedet, hvor det synes som om det gjøres stadig større bruk av midlertidig ansettelse, engasjementstillinger, korttidsansettelser, prosjektansettelser og inn/uteleie av arbeidskraft, og ansattes overgang til å bli selvstendige næringsdrivende m.m. Dette vil etter flertallets oppfatning kunne føre til at bedriftene gradvis innskrenker sin stab av faste ansatte til en viss "kjernestab" hvoretter restbehovet for arbeidskraft fylles opp med andre typer tilknytning til bedriften. Etter flertallets mening vil dette være en uheldig utvikling, og arbeidsmiljøloven bør i sitt innhold ikke medvirke til slik utvikling."
Eg vil difor halde fast ved den tydinga av omgrepet "kontorarbeid" som departementet har lagt til grunn, jf. forskrifta for utleige av arbeidskraft §1 anna ledd. Eg er merksam på at einskilde har tyda brevet frå departementet av 10. oktober 1996 slik at utleige av arbeidskraft til PC-arbeid er forbode. Eg vil, om nødvendig, avklara dette overfor Vikarbyråforeninga.