Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:54 (1996-97) Innlevert: 09.12.1996 Sendt: 09.12.1996 Besvart: 16.12.1996 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen
Hallgrim Berg (H): Friviljuge hjelpemannskap som Geilo Røde Kors møter seig byråkratisk motstand når dei vil halde redningsøvingar på Hardangervidda to gonger i året, noko som er naudsynt for å gjera seg kjende med lokale tilhøve, snø- og isforhold, osv. Ser departementet Raudekrossen som ein samarbeidspartnar, og vil departementet tolke Lov om motorferdsel i utmark og instruere underliggjande organ slik at hjelpekorpsa landet rundt kan setjast i stand til å utføre oppgåvene sine fullgodt?"Grunngjeving:Dei friviljuge hjelpekorpsa spelar ei viktig rolle for menneskeleg tryggleik. Det er ikkje få menneskeliv som er berga gjennom åra. Mannskapa brukar fritid og kompetanse til hjelp og tenester som kjem samfunnet til gode.Det er sjølvsagt at hjelpekorpsa treng opplæring, nyrekruttering, øving i alt slags terreng og i skiftande ver- og føreforhold.Då verkar det meiningslaust at dei må slite med byråkratisk motstand, omstendelege søknader i kvart enkelt tilfelle og bli truga av politimelding når dei vil til fjells for å gjera seg kjende med terreng, snø- og isforhold, osv. i framkant av t.d. vinter- og påskesesongen.Hardangervidda Nasjonalpark er eit viktig verneområde. Ingen hjelpekorps køyrer snøscooter i utrengsmål. Men det er viktig at dei friviljuge mannskapa blir sette i stand til å kunne gjera jobben sin.Naturvern og menneskevern bør kunne gå hand i hand.Dersom styresmaktene legg kjeppar i vegen for hjelpekorpsa som vil trimme sin eigen effektivitet, kan resultatet fort blir ei dårlegare fjellsikring.
Thorbjørn Berntsen: Det har i spørsmålet skjedd ei samanblanding av det regelverket som gjeld serskild for Hardangervidda nasjonalpark og dei reglane som gjeld generelt etter motorferdsellova. Nasjonalparkføresegnene gjeld i tillegg til motorferdsellova, og det fører til at det er desse reglane som er avgjerande i dette høvet.Etter motorferdsellova §4 første ledd bokstav a er motorferdsel tillate i samband med m.a. redningsteneste. Motorferdsel er tillate til utrykkingar i redningstenesta og i samband med øving og utdanning som er naudsynt for tenesta.Innafor nasjonalparken er det derimot slik at ein treng serskild løyve frå forvaltningsstyresmakta (Statskog Vestlandet) til slike øvingar. Geilo Røde Kors Hjelpekorps og Uvdal Røde Kors Hjelpekorps har tidlegare år fått slike løyve etter føresegnene for nasjonalparken til å gjennomføre ein vinterøving/kjentmannstur med snøscooter i februar/mars. Det har blitt sett grense på antallet kjøretøy. Ved dispensasjonstildelinga siste gong, i januar 1996, blei det frå forvaltningsstyresmakta stilt spørsmål om slike øvingar var naudsynte med snøscooter innafor nasjonalparken, og ein ga melding om at det ikkje var sikkert at det ville bli gjeve slike køyreløyver seinare. Ifølgje Statskog har Røde Kors Hjelpekorps pr i dag ikkje søkt om løyve for 1997. Vi føreset at hjelpekorpsa er klar over at slik køyring innafor nasjonalparken utan løyve er ulovleg og vil bli anmeldt på vanleg måte dersom dette finn stad.Hardangervidda nasjonalpark blei skipa i 1981. På tross av dette har motorferdsla sidan auka i nasjonalparkområdet, noko som har ført til store problem i høve til føremålet og forvaltninga av parken. I samband med og som oppfølging av handsaminga av nasjonalparkmeldinga har Miljøverndepartementet no til slutthandsaming eit framlegg til reviderte føresegner for nasjonalparken. Her tek ein sikte på å redusere den motoriserte trafikken til eit absolutt minimum. Det vil seie at det i første rekkje er naudsynt motorisertkøyring i samband med lovleg landbruksverksemd, jakt, fiske og turistnæring som vil få transportløyve. Spørsmålet blir om slik øvings- og kjentmannskøyring med snøscooter er naudsynt innafor nasjonalparken, eller om desse øvingane like godt kan finne stad utanfor nasjonalparken. Trening i køyring med snøscooter kan etter vår oppfatning like gjerne skje utanfor parken. Kjentmanns"-problemet kan løysast på fleire måtar; mellom anna ved å inngå samarbeid med oppsynet/turisthyttevertene som har oppdrag innover fjellet i nasjonalparken kvar vinter. I samband med utrykkingar i fjellet er det ofte dårleg ver. Trening for å meistre slike vertilhøve kan effektivt gjennomførast utanfor nasjonalparkområdet. Ved utrykning innafor nasjonalparken vil det vere fornuftig å sikre seg assistanse frå oppsynet på Hardangervidda, som har brei erfaring og kompetanse i å ferdast på Vidda under ulike vertilhøve, og som godt kjenner dei topografiske tilhøva.Det er grunn til å nemne at spørsmålet om øvingskøyring for Røde Kors Hjelpekorps i andre større verneområde, som t.d. Jotunheimen nasjonalpark, er løyst gjennom avtaler som ikkje inneber serskilde øvingsturar med snøscooter innafor verneområdet. Miljøverndepartementet meiner det skulle vere mogleg å få etablert tilsvarande avtaler for Hardangervidda nasjonalpark.