Syver Berge (Sp): "Har Miljøverndepartementet plan eller retningslinjer når det gjeld å løyse inn beiteretter (gjeve omstillingstilskot), innafor kjerneområda for bjørn og jerv?"
Begrunnelse
Eg er kjent med at det offentlege, som ledd i forebyggjande tiltak mot framtidige rovviltskader, løyser inn beiteretter i kjerneområda ved å betale ut omstillingstilskot. Dette starta opp i Lierne i Nord-Trøndelag. Eg er også kjent med at nokre sauebrukare på Lesja i Oppland har fått tilbod om mjølkekvoter. Det er også framlagt eit tilbod frå staten om innløysing av all beiterett, både for sau og storfe, tilhøyrande eit gardsbruk som ligg innafor kjerneområdet for bjørn i Pasvik i Finnmark.
Slikt oppkjøpet vert praktisert virker det i fyrste omgang lite planlagt. Ved nærare ettertanke kan det liggje ei framtidsplan bak. Det verkar som om målet er at staten løyser inn bit for bit, og til slutt er all beiterett i kjerneområda innløyst. Dette er ikkje i samsvar med den rovviltpolitikken som er vedteken i Stortinget.