Syver Berge (Sp): "Er formuleringane i Statens Vegvesen si handbok 066 Bygg og anlegg i strid med gjeldande lovgjeving for meirverdiavgift og tilhøyrande forskrifter?"
Begrunnelse
Bakgrunnen for spørsmålet mitt er m.a. eit møte Maskinentrepenørenes Forbund (MEF) og eg hadde med statssekretær Ottar Brage Guttelvik om vanskar meirverdiavgiftlova med tilhøyrande forskrifter ser ut til å skape, særleg innafor Vegarbeidssektoren. På møtet vart det vist stor forståing for at bedriftene ikkje skal verte skadelidande dersom det offentlege er skuld i saksbehandlingsfeil.
Spørsmålet knyter seg direkte til punkt 24 i Statens Vegvesen si handbok der det står:
"Når entrepenøren krever avdrag eller sluttoppgjør, skal han sende byggherren spesifisert faktura som kan kontrolleres med kontraktsdokumentene.
Det skal medfølge målinger og annen dokumentasjon som er nødvendig for kontrollen.
Avregning av
a) endret utførelse;
b) lønns- og prisendringer;
c) regningsarbeider
d) merverdiavgift
skal spesifiserers på egne fakturaer."
Uklarheita gjeld fakturering av meirverdiavgifta, i dette høve på arbeid som vert gjort for Statens Vegvesen. Det tener alle at ein har eit regelverk som kan praktiserast enkelt, og at det ikkje vert strid i ettertid om momsgrunnlaget.