Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til digitaliserings- og forvaltningsministeren

Dokument nr. 15:540 (2024-2025)
Innlevert: 29.11.2024
Sendt: 02.12.2024
Til behandling

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Kommunal- og forvaltningskomiteen skal handsame kva løns- og arbeidsvilkår uorganiserte statstilsette skal fylge i tariffperioden 2024-2026. Tidlegare Kommunal- og distriktsdepartementet, har lova Stortinget at departementet skulle fylge med på praktiseringa som vart vedteken som ei mellomløysing i vedtak nr. 819 (2021-2022), og kva som vart utslaget av ein modell der uorganiserte tilsette skulle fylge den tariffavtalen som var størst i kvar einskild verksemd.
Kan statsråden gjere greie for kva evaluering som er gjort av ordninga?

Begrunnelse

Stortinget skal snart handsame ein proposisjon frå regjeringa om lønssystem som staten skal ha i 2024-2026. Eg viser til tidlegare handsamingar i og vedtak nr 817(2021-2022) og vedtak nr.819(2021-2022) der stortinget vektla at det skulle fylgjast med på kva utslag av den praktiseringa av den midlertidige ordninga ville få. No er representanten interessert i kva som er gjort og korleis dette er fylgt opp av regjeringa.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig