Birgit Oline Kjerstad (SV): I ein kronikk i Dagens Medisin 27. november får journalsystemet Helseplattformen stryk og kritikken er godt grunngjeve i 6 punkt.
Kva faglege vurderingar har helseministeren fått gjort av om journalsystemet Helseplattforma (HP) i det heile teke bør videreførast, og har departementet vurdert og talfesta dei menneskelege belastningane og dei økonomiske konsekvensane av å binde helsetenestene i Møre og Romsdal til dette IT systemet i mange år framover?
Begrunnelse
I nysalderinga i budsjettet lagt fram av regjeringa fredag 22. november er det løyvd 200 millionar kroner til Helseforetaket Midt Norge for å gjere det nye journalsystemet Helseplattforma betre å bruke. Det er usikkert både kor mykje av midlane i Nysalderinga som vil gå til å sikre spesialisthelsetenester til befolkninga i Møre og Romsdal og kva som vert konsekvensane av dei store innsparingane som må til for å tette det økonomiske holet skapt av HP i år og komande år. Skal Helse Møre og Romsdal kome i balanse må det gjennomførast store kutt og omorganiseringar som mange fryktar vil ramme helsetilbodet til innbyggarane, mellom anna i Kristiansund der det no vert gjort eit arbeid for å berge tilbod. Svært mange i Møre og Romsdal er no urolege for at mange fleire viktige helsetilbod blir skadelidande framover.
Helse Møre og Romsdal advara sterkt imot å ta i bruk journalsystemet, men vart tvinga inn i det av Helseforetaket i Midt- Norge. Det har også vore sterke åtvaringar frå andre land mot systemet. Brukerundersøkinga Finland gjennomførte etter at dei hadde brukte tre år og fleire hundre millionar på å forbetre brukseigenskapane, synte at brukarane var meir kritiske enn nokon gong sjølv etter forbetringane. Helseplattformen og prosessen med innføring av denne har fått sterk kritikk i Riksrevisjonens rapport 3: 18. Konseptet var mangelfullt, innebar høg risiko, har trua pasientsikkerheita og redusert effektiviteten i pasientbehandlinga. Systemet er ikkje tilpassa behovet i organisasjonen. Helse og omsorgsdepartementet har hatt for svak oppfylgjing står det mellom anna i rapporten.
I Dagens Medisin 1. november skriv overlege i Anestesi ved sjukehuset i Volda, Erik Kjetså, som har erfaring med fleire IT- system, at i gjeldande overslag vil det gå med 800 millionar i årlege driftskostnader til HP på regionnivå.
27. november skriv Roald Bergstrøm tidlegare IT – ansvarleg ved sjukehuset i Levanger i eit lesarinnlegg i Innherred avis at :
"I dei neste 18 åra som er den beregnede livslengden av systemet, vil milliardene fortsette å strømme ut av HMN for å vedlikeholde, videreutvikle og drifte et IT-system som aldri vil passe godt i vårt helsevesen. Det er som å kaste penger ut av vinduet."
Kostnadene brukt hittil er 6,6 mrd. kroner.