Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren dokumentere sine påstandar om at vegvedlikeholdsetterslepet for fylkesvegane går ned med bakgrunn i regjeringa sitt statsbudsjettframlegg, berekna med utgangspunkt og brukt som døme situasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune gjeldane fylkevegane der?
Begrunnelse
I ordinær spørretime under Stortinget sin behandling onsdag den 27/11, uttalte samferdselsministeren at vedlikeholdsetterslepet IKKJE fortsetter å auke etter regjeringa sitt statsbudsjettframlegg og gjeldande for sin 12 årige NTP, verken for riksvegane eller for fylkesvegane.
Vegvedlikeholdsetterslepet på fylkesvegane til dømes er berekna til ca 100 milliard kr.
Det er frå fylkeskommunane og KS berekna til eit behov på minst 5 milliard kr årleg for å unngå at etterslepet aukar. regjeringa la inn lovnad om 1 milliard kr årleg, fasiten vart under halvparten.
Berre for Møre og Romsdal fylke som underteikna brukte som døme under spørretimen i debatt med samferdselsministeren, er berekna etterslep på vedlikeholdet på fylkesvegane heile 16 milliard kr.
I regjeringa sitt statsbudsjettframlegg for 2025 er det for Møre og Romsdal fylkeskommune lagt inn ein auke på 30 mill kr, samtidig som tidligare øyremerka løyving til fylkesvegane for Møre og Romsdal i 2024 på 45 million kr, er lagt inn i ordinær ramme. Såleis er desse midlane umogeleg å verifisere om dei faktisk er der eller ei for budsjett 2025.
Behovet for Møre og Romsdal fylkeskommune er minst 200 million kr årleg brukt til vegvedlikehold for fylkesvegane, for at etterslepet ikkje skal auke ytterlegare.
Fylket sjølv har ein svært stram økonomi med bakgrunn i regjeringa sin skatte og avgiftspolitikk som har ført til auka renter, samt betydeleg auke i spesielt straum og drivstoffprisane, noko som rammar eit av landets største ferje, hurtigbåt og bussfylke som Møre og Romsdal. Kostnadsveksten samt renteauken utgjer mange hundre million kr pr år i auka kostnadar, som også må dekkast inn.
At statsråden hevdar at fylket berre kan bruke av "eigne andre midlar" vert direkte useriøst med tanke på verkelegheita i økonomisk handlingsrom for fylket.
Statsråden hevda også at det var lagt inn ein auke på 481 million kr til auka vedlikehold for fylkesvegane. Fakta ikring dette slik eg les dette er at dette gjelder både til vegvedlikehold, rassikring og til beredskapsbruer/tømmerbruer.
Står uansett i grell konstrast til dei 100 mill kr som stortingsrepresentant for SP reiste rundt i Møre og Romsdal fylke å lova skulle kome til ekstra vegvedlikehold frå regjeringa berre for 2025.