Helge André Njåstad (FrP): Er statsråden interessert å finne ut kva skatteflyktningane til Sveits har hatt å seie for kommunesektoren sine inntekter?
Begrunnelse
i spørsmål 15:302 spurte eg statsråden om hvor mye anslår regjeringen at norske kommuner har tapt på skatteflyktningen til Sveits. Statsråden svara dette på spørsmålet: Dette eit grovt anslag på makronivå som ikkje gir grunnlag for å dekomponere effektar av ulike moglege årsaker til reduksjonen. Altså at det ikkje er grunnlag for å finne ut denne del av skattesvikten som fylgje av den utflyttinga pga regjeringa sin skattepolitikk. Sidan det ikkje var mogleg å svare på effekten prøver eg meg igjen om statsråden er interessert å finne ut svaret på dette? Det er noko stortinget og folk vil ha interesse av å vite og eg ville trudd regjeringa også hadde likt å visst effekten av slik utflytting har å seie for kommunesektoren.