Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:427 (2024-2025)
Innlevert: 19.11.2024
Sendt: 20.11.2024
Besvart: 26.11.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for antall, plassering og åpningstider på heilårsåpne rasteplassar med toaletter, på strekninga Rv 15 frå Stryn til Otta?

Begrunnelse

På strekninga Rv 15 frå Stryn til Otta er der svært begrensa med heilårsåpne rasteplassar for trafikantane, og tilgangen til toalett er sterkt begrensa spesielt om kveld /natt.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Vest for Strynefjellet har Statens vegvesen ein avtale med Stiftinga Jostedalsbreen Nasjonalparksenter om drift av toalett. Nasjonalparksenteret stiller toalett til offentleg disposisjon heile døgnet i perioden 1. mai–30. september, som er perioden med størst trafikk.

Vidare har Statens vegvesen betalt eit tilskot for bygginga av toalettet til Grotli Høgfjellshotell og betaler ein årleg sum for drifta av anlegget. Toalettet er oppe heile døgnet heile året.

Rett ved rv. 15 i Vågå sentrum har Statens vegvesen ein avtale med YX Vågå og betaler ein årleg sum for blant anna drift av toalett. Tilbodet er døgnopent. Her blir det òg ny døgnkvileplass for tungbil.

Om lag 10 km sør for Vågå sentrum ligg det ein rasteplass med toalett som Statens vegvesen driftar sjølv. Rasteplassen er skilta frå rv. 15 og er oppe heile døgnet heile året.


Nyleg etablerte Statens vegvesen eit nytt toalettbygg på rv. 15 ved Billingen nord i Skjåk kommune. Dette er sett opp ved bommen i Billingen som blir nytta når det er kolonnekøyring og/eller stengt veg. Toalettbygget er eit heilårstilbod.