Skriftlig spørsmål fra Geir Jørgensen (R) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:401 (2024-2025)
Innlevert: 15.11.2024
Sendt: 18.11.2024
Besvart: 25.11.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Geir Jørgensen (R)

Spørsmål

Geir Jørgensen (R): Hvordan forholder statsråden seg til faktumet at investeringer til løsdrift kan bli et tapsprosjekt for flere bønder, noe som da setter en stopper for å få nødvendig finansiering, og at valget så må bli omlegging av produksjon eller nedleggelse?

Begrunnelse

Løsdriftkravet som innføres for fult fra 2034 er et viktig grep for økt dyrevelferd i Norge. Dessverre for flere særlig små og mellomstore produsenter, er denne datoen noe som minner mer om en sluttdato for gården.

Fra Innovasjon Norge sitt kurs "Slik lykkes du med nytt løsdriftfjøs" sier de finner man at "om lag 40% av søknadene til IN Innlandet har krevende lønnsomhet", noe som tilsier at de ikke får finansieringsstøtte på grunn av for dårlig lønnsomhet. Lønnsomhetsanalysen blir foretatt ved bruk av internrente, altså renta som trengs for at investeringens avkastning sørger for at prosjektet går i null.

Lønnsomheten i næringen er altså for dårlig til å finansiere (og skaffe finansiering til) å bygge om til løsdriftsfjøs. Ved en fast dato satt tikker klokken for bonden. Alternativet for mange blir i så fall avvikling av den nåværende produksjonen, måtte det bli i form av et omlegging av drift, eller av en ren nedleggelse.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: I grunngjevinga for spørsmålet er det vist til at om lag 40 pst. av søknadane til Innovasjon Norge Innlandet har krevjande lønnsemd. Det blir vidare peika på at lønnsemda i næringa er for dårleg til å kunne finansiere ombygging til lausdriftsfjøs i tråd med lausdriftskravet som blir innført frå 2034, og at alternativet for mange blir avvikling av noverande produksjon i form av omlegging eller nedlegging av drifta.
Som representant Jørgensen peikar på, er lausdriftskravet eit viktig grep for auka dyrevelferd i Noreg. Regjeringa har difor i denne Stortingsperioden auka løyvinga til investeringsstøtte til jordbruket med nærare 80 pst. Tall frå Tine og Kukontrollen for 2023 viser at 72,1 pst. av mjølka i Noreg no blir produsert i lausdriftsfjøs. Tall frå Innovasjon Norge frå november 2024 viser at 94 pst. av årets tilskotsramme er brukt opp på landsbasis, og der heile den tildelte ramma for Innlandet er brukt opp. I tillegg gjekk den nasjonale potten på 200 mill. kroner øyremerka investeringar i lausdriftsfjøs tom allereie i juni 2024. Omleggingstakta frå båsfjøs til lausdriftsfjøs er med andre ord generelt positiv.
Ein monaleg del av dei båsfjøsa som står att er på små og mellomstore bruk, t.d. på Vestlandet og i Innlandet, der ressursgrunnlaget tilseier at det krevjande å få tilfredsstillande økonomi i drifta. Investeringsverkemidla har ein tydeleg strukturprofil ved at særleg fjøs med inntil 30 kyr skal prioriterast ved tildeling av støtte. I jordbruksoppgjeret i 2023 blei det semje om å heve maksimal støttesats til 50 pst. av kostnadane ved investeringa, avgrensa til maksimalt 5 mill. kroner, særleg for å imøtekomme denne utfordringa. Dette bidreg til ei betydeleg risikoavlastning for bonden ved investering. Samtidig er det viktig å arbeide for mest mogleg økonomisk berekraftige investeringar. Det er difor innført eit avklaringstilskot i forkant av investeringa. Dette er særleg aktuelt for små og mellomstore bruk, der det er utfordringar med å få til økonomisk berekraftige prosjekt. Dette skal bidra til at planlegginga av investeringane blir betre og at bonden skal ha større kontroll over avgjersla om investering og konsekvensane av denne for den framtidige økonomien og drifta på garden.
I fleire regionar blir det no jobba godt for å tilby gode løysingar for å ta ned investerings-kostnadane. Prosjekt «Innlandsfjøset» er eit døme på dette, der det er sett på løysingar særleg tilpassa dei mindre bruka. Verkemiddelapparat og rådgjevingstenestene må vidare jobbe for å få ned investerings¬kostnadene i prosjekta gjennom god planlegging. Eg forventar at Innovasjon Norge tek ei tydeleg koordinerande rolle i dette. Omlegging frå båsfjøs til lausdriftsfjøs er eit tema som har høg prioritet i dei årlege jordbruksoppgjera, og eg vil jobbe for at flest mogleg melkebruk legg om til lausdrift og vert med vidare.