Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:377 (2024-2025) Innlevert: 13.11.2024 Sendt: 13.11.2024 Besvart: 19.11.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel
Kari-Anne Jønnes (H): Kan jeg be om oversikt over antall som har fått plass og antall som har møtt opp på lærerutdanning (alle typer) fordelt etter studiested i perioden 2013 til 2024?
Ønsker oversikt for hvert år.
Oddmund Hoel: Eg takkar for førespurnaden. Vedlagt ligg eit rekneark som gir oversikt over talet på dei som har fått tilbod om plass og dei som har møtt og betalt semesteravgift på ei lærarutdanning i perioden 2013–2024, fordelt på lærestad. Oversikta dekker opptak til både vårsemesteret og haustsemesteret.Tala dekker alle lærarutdanningar, òg barnehagelærarutdanninga og PPU, ikkje berre dei femårige utdanningane.Representanten etterspør fordeling på «studiestad», som òg kan bli forstått som campus. Å bryte ned på dette detaljnivået ville gjort oversikta betydeleg meir kompleks. Departementet har heller ikkje enkelt tilgjengeleg statistikk som viser fordeling på campus for alle lærarutdanningar i perioden. Å skaffe ei oversikt over dette ville tatt lengre tid.Den vedlagde oversikta er basert på tal frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) som ligg ope tilgjengeleg og blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Tala er runda av til nærmaste 5 på kvart datapunkt av omsyn til personvernet og EUs personvernforordning (GDPR). Summen for tilbod og møtt under kvart år er runda av uavhengig, og svarer difor ikkje med summen på tala ovanfor i same kolonne. Alle tala som er brukt i vedlegget kan samanliknast frå år til år.
Vedlegg i excel-format