Skriftlig spørsmål fra Kari-Anne Jønnes (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:376 (2024-2025)
Innlevert: 13.11.2024
Sendt: 13.11.2024
Besvart: 18.11.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Kari-Anne Jønnes (H)

Spørsmål

Kari-Anne Jønnes (H): Hva er begrunnelsen for at statsråden ønsker å gjøre det vanskeligere for IB-elever å gå videre på høyere utdanning i Norge, og vil det bli vanskeligere å gå fra IB til høyere utdanning i Norge enn i de andre nordiske landene?

Begrunnelse

Gjennom forskriftsendring vil regjeringen endre omregningstabellen for IB-karakterer til norsk høyere utdanning fra og med opptaksåret 2025-2026.
Basert på det vi kan forstå vil forskriftsendringen gjøre det vesentlig vanskeligere for elever med IB-diplom å komme inn på norske høyere utdanningsinstitusjoner. Dette på grunn av at den nye omregningstabellen ikke synes å ta hensyn til forskjellen i relativ karakterfordeling for elever med IB-diplom og for elever fra norsk videregående skole.
Konsekvensen kan bli at en elev ved en IB-linje kan komme inn på de fleste og fremste skoler i verden, men ikke de med høye poengkrav i Norge. Det fremstår urimelig, og vil ramme rekrutteringen til IB-linjer over hele landet. Den nye omregningstabellen vil, slik vi forstår det, også gjøre Norge vesentlig strengere i omregningen av IB-karakterer enn andre nordiske land.
Justeringer kan være nødvendig å for å sikre at man har et rettferdig opptakssystem. Det er likevel grunn til bekymring når man ser at utslagene er så store og tilsynelatende uforholdsmessige. Det er derfor betimelig å spørre statsråden hvorfor han har lagt opp til et system med så store endringer og utslag for en gruppe elever i Norge.
Kunnskapsdepartementet og Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) inviterte nylig franske myndigheter til en felles komite som skal vurdere forslag til ny omregningstabell for omregning av karakterer fra fransk baccalauréat, som tidligst kan innføres ved opptak til studieåret 2029/2030. Siden det er vesentlig flere elever som omfattes av IBs karaktersystem, kan man også stille spørsmål om et lignende arbeid burde blitt iverksatt for denne gruppen.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Alle søkjarar til universitet og høgskular skal bli behandla likt og rettferdig, og dei konkurrerer alle om dei same studieplassane med sine karakterar frå vidaregåande opplæring. For at søkjarar med vitnemål/diplom frå andre skolesystem/land enn norsk vidaregåande skule skal kunne konkurrere i opptak til høgare utdanning med sine karakterar, må karakterane reknast om til norsk karakterskala (med beståtte karakterar frå 2 til 6). I 2010 fekk Samordna opptak (SO) myndigheit frå Kunnskapsdepartementet til å utarbeide slike tabellar, unntatt for fransk baccalauréat (fransk bacc) og International Baccalaureate (IB). I 2019 fekk dei myndigheit til å også lage omrekningstabellar for desse. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar i dag Samordna opptak.
Den nye tabellen for IB skal tre i kraft frå neste års opptak (2025) og vart vedteken og varsla på samordnaopptak.no i desember 2022, i tillegg til at HK-dir varsla interessentar om tabellen. Tabellen var difor ikkje på høyring i år. Omrekningstabellane vart lagt til som eit vedlegg til forskrift om opptak til høgare utdanning (opptaksforskrifta) med ei endringsforskrift i desember 2023. HK-dir oppdaterer tabellane med jamne mellomrom med ny statistikk. Endringar her vil vere ein del av høyringa av endringar til forskrifta framover, slik som i år.
Dagens tabell for IB vart utarbeidd av ein arbeidsgruppe på 90-talet. Tabellen har berre vore justert dei gongene IB har endra metode for å berekne sitt ‘Total Points’ (deira gjennomsnittskarakter) og tabellen har stått uendra sidan 2009. Arbeidsgruppa gjorde nokre vurderingar som vi i dag ikkje har dokumentasjon på, men vi veit at dei ikkje nytta seg av ein statistisk modell. HK-dir har gjort greie for til departementet at tabellen har gitt store fordelar til IB-elevar ved opptaket til høgare utdanning. Tal frå HK-dir viser at antal IB-søkjarar som blei rekna om til å ha eit gjennomsnitt på 6,0 (høgaste karaktergjennomsnitt i norsk skule) var 30 gongar høgare enn for søkjarar med norsk vidaregåande skule, i årets opptak. Det er svært lite sannsynleg at det er så stor skilnad på dei ulike elevpopulasjonane. Eg minner om at det er mange studiespesialiserande utdanningsprogram på norske vidaregåande skular som har svært høge inntaksgrenser. Det vil alltid vere mogleg å argumentere for at nokre skular er betre enn andre, både innanfor det norske skulesystemet og i samanlikning med utanlandske skulesystem. Men opptakssystemet må behandle alle mest mogleg rettferdig og kan difor ikkje ta inn slike subjektive vurderingar.
Omrekningar blir i dag gjennomførte ved å samanlikne Utdanningsdirektoratets (Udir) offisielle statistikk for gjennomsnittskarakterar på vitnemål frå norsk vidaregåande skule, med statistikk frå den vidaregåande skulen i eit anna land eller utdanningssystem, der slik statistikk er tilgjengeleg. HK-dir har om lag hundre omrekningstabellar på sine nettsider og nyttar ein statistisk metode utarbeidd av Norsk Reknesentral (NR). HK-dir har utarbeidd den nye IB-tabellen ved å nytta den same metoden. Dei har nytta data frå IB (gitt ut av den internasjonale stiftinga IB) og data frå vitnemål frå studiespesialiserande utdanningsprogram i norsk vidaregåande skule. Det er data for fordelinga av karaktergjennomsnitt som blir nytta, ikkje enkeltkarakterar. HK-dir gjer ikkje subjektive vurderingar i dette, dei baserer seg på ein heilt objektiv statistisk metode som altså er utarbeidd av Norsk Reknesentral.
Representanten Jønnes viser til at den nye tabellen blir vesentleg strengare enn tabellane i dei andre nordiske landa. Sverige og Danmark nyttar også omrekningstabellar i sine opptak til høgare utdanning. Dei la om sine IB-tabellar til å vere basert på statistikk for fleire år sidan. HK-dir har spurt utdanningsmyndigheitene i desse landa om innføringa av slike tabellar førte til store endringar i talet på IB-elevar eller -liner hos dei. Sverige så inga nedgang etter si omlegging i 2016 eller at tilbod vart lagt ned. Danmark seier det har hatt ei auke i antal IB-elevar dei siste 20 åra.
Det er korrekt slik representanten Jønnes påpeiker, at departementet har varsla at vi saman med HK-dir og franske utdanningsmyndigheiter skal sette ned ein felles komité for å sjå på omrekning av fransk baccalauréat. Det er grunngitt i det unike bilaterale utdanningssamarbeidet mellom Noreg og Frankrike. Dette samarbeidet, regulert av ein bilateral avtale frå 2010, gir norske elevar høve til å ta fransk baccalauréat i Frankrike. Samarbeidet starta allereie i 1918 med norske elevar som reiste til Rouen for å ta utdanning som eit ledd i eit fredsprosjekt etter første verdskrig. I samband med hundreårsjubileet for dette initiativet vart det i 2018 underteikna ein omfattande bilateral rammeavtale for utdannings- og forskingssamarbeid, som også inkluderer skuleavtalen frå 2010. Rammeavtalen understrekar betydinga av Frankrike som ein prioritert samarbeidspartnar for Noreg innanfor utdanning og forsking. Det er også svært viktig for norsk næringsliv at det blir utdanna personar med inngåande kompetanse i fransk språk og fransk kultur. Vidare er det også en forskjell i at den franske tabellen er ein pågåande prosess og då er det ikkje unaturleg, gitt vår avtale, å ha dialog med franske myndigheiter for å kvalitetssikre arbeidet. Tabellen for IB er ikkje i prosess, men derimot ein allereie fastsett tabell som det ikkje er naturleg for departementet å gripe inn i.
Eg vil påpeike at hensikta med den nye tabellen er å gjere konkurransen om studieplassar meir rettvis. Kampen om studieplassane i høgare utdanning er eit nullsumspel. Viss nokre søkjarar får ein fordel så vil det bety at andre søkjarar får ei ulempe.