Skriftlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til næringsministeren

Dokument nr. 15:374 (2024-2025)
Innlevert: 12.11.2024
Sendt: 13.11.2024
Besvart: 20.11.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Stortinget har løyvd 5 millionar til Nasjonalt senter for jordobservasjon. No ventar vi på forslag til forskrift for bruk av pengane.
Når kjem denne forskrifta?

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Eg takkar for spørsmålet, som gjeld eit område eg er oppteken av. Noreg er ein viktig romnasjon, og vi har ambisjonar om å ytterlegare styrkje norsk romverksemd. Jordobservasjon er eit av områda der norske aktørar utmerkjer seg, og Noreg har særleg stor nytte av jordobservasjondata og -tenester. Difor har vi i Hurdalsplattformen sagt at vi vil arbeide for eit nasjonalt senter for jordobservasjon i Tromsø.

Nærings- og fiskeridepartementet har utarbeidd eit utkast til forskrift knytt til nasjonalt senter for jordobservasjon. Den vart nettopp sendt på offentleg høyring med frist 3. januar, og eg håpar sjølve forskrifta vil vere klar tidleg i 2025.