Skriftlig spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:370 (2024-2025)
Innlevert: 12.11.2024
Sendt: 12.11.2024
Rette vedkommende: Forsknings- og høyere utdanningsministeren
Besvart: 19.11.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Hvilke utredninger har regjeringen gjort av konsekvensene forslaget om endring i utdanningsstøtten for flyskolene gir for studentene, flyskolene og flyselskapenes evne til å rekruttere nødvendig arbeidskraft på kort og lang sikt?

Begrunnelse

Regjeringen har i statsbudsjettet for 2025 foreslått å kutte dramatisk i studiestøtten for pilotutdanningene i Norge. I verste fall kan forslaget medføre en rask og dramatisk nedgang i studieplasser. I følge NHO luftfart, flyskolene og flere av flyselskapene, kan forslaget vesentlig forverre en allerede krevende rekrutteringssituasjon.

Forslaget kan i følge disse aktørene på lang sikt medføre alvorlige konsekvenser både for sivil luftfart og for beredskapen. Forslaget til Stortinget er fremmet til tross for at høringen av forslaget, ikke er avsluttet. Dette er både uvanlig og uhensiktsmessig, men setter i det minste enda strengere krav til at viktige elementer for næringsaktørene er både utredet og vurdert.

Jeg vil oppfordre statsråden til å legge ved gjennomførte utredninger ved i sitt svar.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Eg viser til spørsmål til samferdselsministeren og svarer som ansvarleg statsråd for forsking og høgare utdanning, inkludert studiefinansiering og fagskuleutdanning.

Studentar som tek privat flygarutdanning kan få eit lån på litt over 420 000 kr kvart år til skulepengar. Dette kjem i tillegg til både basisstøtten til livsopphald og det ordinære skulepengelånet som alle studentar i Noreg kan få. Det er ingen andre utdanningar kor ein kan få så høg studiefinansiering. Eg er heller ikkje kjent med andre land som har ei tilsvarande ordning for støtte til flygarutdanning i sine offentlege studiefinansieringssystem.

Fordi unge menneske kan få mykje gjeld på kort tid med denne ordninga, har det vore viktig å følgje med på gjeldsutviklinga deira. Frå ekstralånet blei innført hausten 2017, har snittgjelda til studentane ved de tre private flyfagskulane vakse til over ein million kroner. Dette skil seg betydeleg frå alle andre studentgrupper. Over halvparten av studentar i Noreg som har milliongjeld, har fått ekstralånet til flygarutdanning. Denne gjeldsbelastninga var grunnen til at vi i budsjettframlegget for 2024 varsla at Kunnskapsdepartementet ville vurdere innretninga av dette lånet fram mot 2025.

Departementet sine vurderingar avdekka ei negativ utvikling for studentane frå lånet blei innført. Vurderingane byggjer på tal som flyfagskulane sjølv har rapportert inn i medhald av fagskuleloven. Tala viser at skulane har fleirdobla kor mange studentar dei tek opp, medan fullføring etter normert tid ligg langt under snittet for resten av fagskulesektoren, kor ein ikkje må betale ein million kroner i skulepengar. Tal frå Lånekassen viser same tendens til at studentar år etter år blir forseinka ved dei private flyfagskulane,
og må ta opp ekstra lån for å fullføre. NHO Luftfart og tre fagskular har nyleg vore i kontakt med departementet om grunnlaget for tala, og vil få retta eventuell feilrapportering.

Eg har sjølvsagt forståing for at flygarutdanning er kostbar. Dette var eit av omsyna då Stortinget, for å sikre at det blir utdanna trafikkflygarar i Noreg, vedtok å oppretta den offentlege flygarutdanninga i Bardufoss ved UiT Norges arktiske universitet. Denne utdanninga har regjeringa både i 2024 og i budsjettforslaget for 2025 styrka med 15 millionar kroner meir til drift. Den offentlege sivile flygarutdanninga kjem i tillegg til Forsvaret si flygarutdanning, der mange bidreg til både beredskap og sivil luftfart etter tida i Forsvaret.

Når det gjeld privat flygarutdanning, er det snakk om utdanning som kostar over ein million kronar som unge menneske må ta opp gjeld for å finansiere, med all den risikoen som gjeld inneber. Det er ein risiko som studentane må ta aleine utan å vite om dei vil kunne fullføre utdanninga, få seg arbeid som flygar, eller ha føresetnadane til å betale tilbake dei store beløpa etterpå. Gjelda må ein betale uavhengig av om ein har fullført eller ikkje.

Det er ikkje fyrste gong vi møter problem med ei eiga låneordning for flygarutdanning. I 1987 blei flygarlånet i Lånekassen avvikla då det var såpass mange som sat igjen med betydeleg gjeld utan å få seg jobb som flygar. Staten måtte ettergje mange av låna, til ein stor kostnad for samfunnet.

I 1998 blei det opna att for lånekassestøtte til flygarutdanning, men då blei det lagt vekt på at SAS garanterte arbeid for studentar som fullførte utdanninga med tilfredsstillande resultat, og SAS skulle òg finansiere 50 pst. av utdanningskostnadane. I dag er det ingen garanti for arbeid, og det er heller ikkje snakk om å få dekka delar av utdanningskostnadane. Den einskiled må dekke alt sjølve. Men denne historia tilsier at bransjen kan klare å finne ein betre modell for kostnadsfordeling utan at all risiko ligg hos studentane slik som i dag.

Forslaget vi har lagt fram tek òg utgangspunkt i omsynet til likebehandling i Europa, som Noreg har forplikta seg til. Krava til flygarutdanningane og til arbeid som flygar er dei same over heile EØS. Finansieringa til flygarutdanning frå Lånekassen blir i dag likevel berre gjeve dersom ein vel ein norsk flyskule. Det blir heller ikkje gjeve skulepengestøtte dersom ein ønskjer å ta flygarutdanning i Europa. Denne forskjellsbehandlinga kan skape problem for Noreg dersom vi ikkje endrer regelverket.

Eg vil understreke at studentar som har starta ei flygarutdanning før hausten 2025, ikkje blir påverka av forslaget og vil framleis kunne få ekstralånet til den flygarutdanninga dei har byrja på. Nye studentar vil frå hausten 2025 anten kunne få det ordinære skulepengelånet og støtte til livsopphald som andre studentar i Noreg kan få, eller få støtte til ei flygarutdanning i Europa etter dei same reglane som gjeld elles for utdanning i utlandet.

I høyringsnotatet har vi gjort greie for effektane av dette ekstralånet og bakgrunnen for endringsforslaga. Vurderingane er basert på faglege råd og statistikk frå Lånekassa, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, NOKUT og Luftfartstilsynet. Vi har òg lagt til grunn henvendelsar frå Pilotforbundet og Norsk Flygerforbund om forseinkingar ved flyfagskulane og konsekvensane som finansieringsmodellen har for studentane. Informasjon frå Lånekassa og NOKUT samband med bekymringsmeldingar om desse utdanningane, har òg vore eit moment i vurderinga.

Når det gjeld rekkjefølgja på forslaga som representanten peikar på, er det normal praksis å leggje fram forslag som kostar pengar for Stortinget og få løyvinga til det før forslaga kan bli regelverksfesta. For å gi publikum utdjupande informasjon og tid til å innrette seg, legg vi alltid fram tilhøyrande forslag til regelverksendringar for Lånekassa rundt same tid. Gjennom høyringar i Stortinget og regelverkshøyringa, får vi innspel som er viktige for vidare arbeid med tiltaka. Vi har sett ordinær frist for regelverkshøyringa til minimum tre månadar, fram til 31. januar 2025. Eg vil oppmode studentar, flyskular og alle andre som har innspel til å bidra til å gjere saka så opplyst som mogleg. Når høyringsfristen er ute, vil vi gå grundig gjennom alle høyringssvara før det blir fatta vedtak om ei eventuell forskriftsendring.