Skriftlig spørsmål fra Lene Westgaard-Halle (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:360 (2024-2025)
Innlevert: 11.11.2024
Sendt: 11.11.2024
Besvart: 19.11.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Lene Westgaard-Halle (H)

Spørsmål

Lene Westgaard-Halle (H): Hvordan vil statsråden sikre at det kommer på plass et tilsynsorgan i meierisektoren som kan sikre at markedsmakten ikke blir misbrukt, eller går ut over norske forbrukere gjennom dårligere utvalg eller unødvendig høy pris?

Begrunnelse

Den 1. november ble overgangen fra målpris til volummodell for norsk melk gjennomført. En rekke høringsinstanser har pekt på risiko for økt markedsmakt til Tine, og dermed behov for et uavhengig tilsynsorgan.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Eg har registrert at fleire har etterlyst tydelegare kontroll av den aktiviteten Tine gjer som marknadsregulator og at denne etterlysinga har vorte forsterka etter at Tine i den nye prismodellen for mjølk no skal setje ein framoverskuande prisambisjon i form av ein planlagt gjennomsnittleg engrospris. Eg meiner tydeleg regelverk og kontroll av avgjerande viktig for at det skal vere tillit til den nye prismodellen og den jobben Tine er sett til å gjere i volummodellen for mjølk. Ikkje minst er Tine avhengig av denne tilliten.

Kontrollen med Tine er forsterka ved innføring av volummodellen for mjølk. Ein viktig del av dette er å lage ei eiga forskrift som skal erstatte avtalen mellom Tine og Landbruks-direktoratet om administrativt og rekneskapsmessig skilje mellom råvarehandteringa og Tine sine kommersielle industriverksemd. Departementet har bede Landbruksdirektoratet om å setje i gong dette arbeidet med det same.

Pliktene Tine har som marknadsregulator ligg fast. Særleg vil eg peika på informasjonsplikta som relevant for den nye prismodellen. Det er er særs viktig at aktørane får samtidig informasjon om marknad, prognosar og prisar. Pliktene er regulert av rammeforskrifta for verksemda til Omsetningsrådet. Landbruksdirektoratet er sekretariat for Omsetningsrådet og førebur og gjennomfører kontroll for Omsetningsrådet.

Landbruksdirektoratet har også sjølvstendig ansvar for å gjennomføre kontroll med ordningar dei forvaltar innanfor marknadsordninga for mjølk slik som mellom anna prisutjamnings-ordninga og prisnoteringar.

Eg vil også minne om at Konkurransetilsynet følgjer daglegvaremarknaden og marknaden for mjølk tett. Frå 2008 til 2022 vart Tine sine bruttomarginar overvaka gjennom ei eiga overvakingsordning i Konkurransetilsynet. I 2022 orienterte Konkurransetilsynet om at Tine ikkje trong å rapportere tal til ordninga. Dette fordi det over lengre tid hadde vore få eller ingen produkt som braut kritisk verdi, og at produkt som braut kritisk verdi hadde vorte vurdert nærare utan at det gav grunnlag for nærare tiltak. Overvakingsordninga hadde heller ikkje ført til saker om overtredingar knytt til prising i mjølkesektoren. Eg legg til grunn at Konkurransetilsynet sitt ansvar om å følgje opp bruttomarginane i Tine vert vidareført, og at dette vert gjort på høveleg måte.

Samla sett meiner eg det er fleire viktige kontrollpostar rundt den nye prismodellen for mjølk, og at desse vil bidra til at det over tid vert bygd tillit til ordninga og Tine sine oppgåver og roller.