Skriftlig spørsmål fra Erlend Larsen (H) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:331 (2024-2025)
Innlevert: 07.11.2024
Sendt: 07.11.2024
Rette vedkommende: Forsknings- og høyere utdanningsministeren
Besvart: 15.11.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Erlend Larsen (H)

Spørsmål

Erlend Larsen (H): Hva tenker statsråden om at lån fra lånekassen til flygerutdanning sikrer at mennesker fra lavtlønnsfamilier får muligheten til å bli flyger (sosial utjevning) – eller alternativet hvor den potensielle studenten må oppgi sine drømmer dersom familien ikke kan garantere for studielån i en bank?

Begrunnelse

Kunnskapsdepartementet sendte i oktober 2024 på høring forslag til endringer i forskrift av 15. april 2020 om utdanningsstøtte og forskrift av 27. mars 2020 om godkjenning for utdanningsstøtte i Norge.
Høringsfristen er 31. januar med virkning fra skoleåret 2025-2026. Allerede i budsjettet for 2025 har Kunnskapsdepartementet fjernet beløp til Lånekassen, slik at høringen fremstår som proforma.
I høringsnotatet uttrykker departementet bekymringer for økonomien til elever som tar flygerutdanning ved private flyskoler i Norge. Det står bla:

«Når slik utdanning forutsetter særskilt høy egenbetaling fra studentene, utgjør forsinkelser store økonomiske konsekvenser for den enkelte, som regel i en størrelsesorden på flere hundre tusen kroner.»

I et værhardt land som Norge, er det naturlig med forsinkelser i år hvor været ikke tillater visuell flygning (dvs. flygning i fri sikt).

«Det er ingen annen studentgruppe som har like mye gjeld: snittgjelden for flygerstudenter utgjør mer enn dobbelt så mye gjeld som andre studenter i Norge...»

Det er ingen annen utdannelse hvor elevene betaler mer i avgifter til staten, som for eksempel moms,CO₂-avgift, lønns- og personalkostnader for en-til-en utdannelse (dvs. instruktører har kun én elev ved praktisk flygerutdannelse).

«Bakgrunnen for å innføre lånet var en antagelse om at økte finansieringsmuligheter kunne bidra til å rekruttere fremtidige trafikkflygere i Norge. Departementets gjennomgang peker likevel på en negativ utvikling siden lånet ble innført, og at konsekvensene for den enkelte student er for alvorlige til å kunne fortsette med ordningen.»

Lånet øker muligheten for at mennesker fra familier med lav inntekt kan utdanne seg til flyger, og gir derfor en sosial utjevning.

«På bakgrunn av disse opplysningene vurderer departementet at det utvidede skolepengelånet til trafikkflygerutdanning i for stor grad har bidratt til betydelig risiko for tap av tid og penger for den enkelte student, og en stor gjeldsbyrde til staten.»

Hvilken gjeldsbyrde har staten hatt, og ville gjeldsbyrden for studenten vært bedre om hen tok opp lånet i bank?

«Rekrutteringseffekten som lånet skulle ha, er ikke tilstrekkelig for å kunne rettferdiggjøre de store konsekvensene som lånet innebærer for den enkelte og for samfunnet.»

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Spørsmålet er stila til kunnskapsministeren, men svaret kjem frå meg som ansvarleg statsråd på dette området.
Eg er glad for at representanten har eit spørsmål som set studenten i sentrum. Spørsmålet gir meg grunnlag for å forklare betre kvifor ordninga i dag ikkje er heldig for studentane. I framlegget til statsbudsjett for 2024 varsla vi følgjande: «Nær halvparten av dei som fekk meir enn 1 mill. kroner i gjeld etter studiar i Noreg i 2022, har teke privat trafikkflygarutdanning, og ein del har høg gjeld utan fullført utdanning. Denne utdanninga skil seg vesentleg frå anna utdanning ved at det er mogleg å få svært høge lån. Kunnskapsdepartementet vil vurdere innramminga av dette lånet fram mot 2025.»
Gjennomsnittsgjelda for ein student som har gått på ein flyfagskule er over ein million kroner. Ingen andre utdanningar gir studentane ei så høg snittgjeld. Det er heller ingen andre land i Europa som har eit slikt ekstralån til flygarutdanning. Det er ikkje slik i våre naboland, og i fleire land er flygarutdanning heller ein del av verksemda til flyselskapa. Dette danna bakteppet for at vi måtte inn og vurdere konsekvensen av dette lånet for studentane. Vurderingane er basert på data rapportert frå skulane sjølv, juridiske vurderingar og innspel frå mellom anna Lånekassen, Direktorat for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Luftfartstilsynet.
Ekstralånet på litt over 420 000 per år blei innført hausten 2017, og vi har sett ei klar negativ utvikling i åra etter: flyfagskulane har fleirdobla kor mange studentar dei tek opp, og samstundes har berre 0 til 12 pst. av studentane fullført på tida som skulane har lova studentane og fått lovmessig akkreditering til (normert tid). Dei fleste utdanningane er normert anten til eitt eller to år. Sjølv heile to semester med forseinking seinare er det framleis berre litt over en tredel av flygarstudentane som har klart å fullføre utdanninga.
Det vil seie at studentane sit igjen med milliongjeld for ei utdanning der over 80 pst. av studentane ikkje blir ferdig innan den tida skulane har sagt at utdanninga skal vare. Samanliknar ein dette med resten av fagskulesektoren der studentane ikkje må betale så mykje for utdanninga, har fullføring på normert tid lege nokså stabilt på ca. 60 pst. sidan 2018. Desse tala er basert på kva skulane sjølv har rapportert til HK-dir.
Sjølvsagt kan forseinkingar oppstå, men her ser vi at studentar systematisk blir forseinka i betydeleg grad, mellom anna både før, under og etter pandemien. Og den systematiske forseinkinga må studentane sjølve bere alle kostnadane ved. Kvart semester med forseinking inneber ein ny rekning som studentane må betale. Med opplegget i dag er det mange studentar som sit i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon utan å vite om og når dei vil kunne få en kvalifikasjon.
Representanten Larsen spør om studentar frå låginntektsfamiliar. Generelt kan vi seie at personar frå lågare sosioøkonomiske forhold er mindre villige til å opp lån enn andre og mindre villig til å ta risikoen som ein slik utdanning inneber. Det er difor ikkje noko som skulle tyde på at avvikling av dette store lånet vil ramme låginntektsfamiliar meir enn andre. Vi veit likevel at dei kostbare forseinkingane og låge fullføringstala som vi ser, rammar alle, og er ekstra tunge å bere for studentar med få ressursar. Difor tek vi ansvar.
Staten stiller opp med luftfartsutdanningane i Bardufoss ved UiT Noregs arktiske universitet og gjennom utdanning i forsvaret. Arbeidsmarknadstal frå Nav og SSB viser at ein låg del av dei som tek ei flyfagskoleutdanning i dag jobbar som flygar, medan det er godt over 60 pst. av dei som tek flygarutdanning i Bardufoss som jobbar som flygar. Og etter ei tid i forsvaret er det mange som held fram i luftfarten i Noreg og bidreg inn i beredskapsarbeid og sivilluftfart.
Dersom flyselskapa meiner at dei treng fleire flygarar enn det staten allereie bidrar med, er eg trygg på at bransjen kan samarbeide om ein betre modell for kostnadsfordeling som kan dekke selskapa sine behov. Vi har sendt forslaget vårt på høyring, og vil oppfordre skulane og flyselskapa til å komme med konstruktive forslag til korleis vi skal sikre eit system der det ikkje er studenten som tar all risiko og sit igjen med milliongjeld.
Eit anna omsyn er plikt til likebehandling på tvers av Europa. Studielånsfinansieringa som vi har hatt dei siste åra, inneber ei forskjellsbehandling der ekstralånet berre blir gjeve dersom ein vel ein norsk flyfagskole. Samstundes blir det ikkje gitt lånekassefinansiering til flygarutdanning utanfor Noreg, sjølv om både krava til utdanningane og arbeidsmarknaden er harmonisert i EØS-landa. Forslaget vårt inneber at flygarutdanning vert behandla på same måte som andre utdanningar for å sikre at vi fyller våre plikter i EØS. Mellom anna betyr det at studentar ved norske flyfagskular vil få same lån til skulepengar som alle andre studentar i Noreg kan få. Det betyr at dei òg vil få tilgang til same finansieringsordning for utdanning i utlandet viss dei tek flygarutdanning i eit EØS-land utanfor Noreg.
Eg vil til slutt minne om historikken knytt til lånekasselån til flygarutdanning, for det er ikkje første gong at vi har eit slik lån. I 1987 måtte flygarlånet avviklast då det var såpass mange som sat igjen med betydeleg gjeld utan å få seg jobb som flygar. Staten måtte ettergi mange av låna, noko som har ein stor kostnad for samfunnet, og det vil vere uheldig om denne historia gjentar seg.
Når høyringsfristen er ute, vil vi gå grundig gjennom alle høyringssvara før det blir fatta vedta om ei eventuell forskriftsendring.