Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:302 (2024-2025)
Innlevert: 05.11.2024
Sendt: 05.11.2024
Besvart: 12.11.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Hvor mye anslår regjeringen at norske kommuner har tapt på skatteflyktningen til Sveits?

Begrunnelse

Regjeringen begrunner ekstra penger til kommunene med skattesvikten til norske kommuner. At mange har flytta til Sveits som følge av regjeringen sin skattepolitikk har spesielt gått utover kommunene sine inntekter.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Det har over mange år vore ei målsetting at skatteinntektene skal utgjere om lag 40 pst. av dei samla inntektene til kommunesektoren. Basert på mellom anna føresetnader om lønsvekst og sysselsettingsvekst, blir storleiken på den kommunale skattøyren fastsett slik at ein skal treffe på målet om 40 pst. skatteandel. Med utgangspunkt i ei samla inntektsramme for kommunesektoren vart skatteinntektene anslått til 263,5 mrd. kroner i statsbudsjettet for 2024 som vart vedtatt i fjor haust.

Skatteanslag er alltid usikre. For 2024 anslår no regjeringa at skatteinntektene vil bli mellom 5 og 7 mrd. kroner lågare enn anslått i statsbudsjettet. Dette eit grovt anslag på makronivå som ikkje gir grunnlag for å dekomponere effektar av ulike moglege årsaker til reduksjonen. Endelege tal for skatteinngangen i 2024 kjem på nyåret.

Nedjustering av skatteanslaget for 2024 i Prop. 1 S Tillegg 1 påverkar ikkje inntektsnivået til kommunane i 2025, sidan inntektsveksten i 2025 er rekna frå inntektsnivået i 2024 slik det vart anslått i revidert nasjonalbudsjett 2024.