Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:284 (2024-2025)
Innlevert: 03.11.2024
Sendt: 04.11.2024
Besvart: 11.11.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Hvordan jobber barne- og familieministeren for at flere unge mennesker med rett til ettervern skal motta et bedre og tilpasset ettervernstilbud?

Begrunnelse

På vegne av Norsk Fosterhjemsforening og KS utarbeidet Menon Economics tidligere i år en samfunnsøkonomisk analyse av ettervern. Analysen byr på mange viktige funn, som at for hver krone man investerer i ettervern gir det samfunnet fem kroner tilbake. På tross av at ettervern er en lønnsom investering kommer det også frem at det er store geografiske variasjoner i tilbudet unge får. I tillegg er det bare halvparten av de som har krav på ettervern som mottar dette. Uten et godt ettervernstilbud kan unge voksne risikere å være overlatt helt til seg selv.
Fosterhjemsundersøkelsene viser også at mange unge ikke opplever å få medvirke i ettervernstilbudet og at informasjonen om ettervern er mangelfull og kommer sent. Dette muligens fordi kommuner mangler incentiver til å sørge for et godt ettervernstilbud. Dersom unge voksne havner utenfor samfunnet, er det ofte en regning staten må ta.
Det er svært uheldig at investeringen i barn med tiltak fra barnevernet skal opphøre når de fyller 18 år. Særlig uheldig er det når vi vet at ettervern er helt sentralt for å motvirke utenforskap hos denne gruppen. Ettervernstilbudet bør inneholde praktisk og økonomisk hjelp, samt emosjonell støtte. I tillegg bør tilbudet i større grad tilpasses til den enkelte behov for ettervern.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Representanten viser i sin grunngjeving av spørsmålet mellom anna til at det er variasjonar mellom kommunane i kva for tilbod ungdommane får, at dei unges medverknad i ettervernstilbodet er mangelfull og at informasjonen om ettervern til unge og til fosterforeldre ofte er mangelfull og/eller kjem for seint. Representanten viser òg til ein fersk rapport som seier at ettervern er ei samfunnsøkonomisk lønnsam investering for fellesskapet.

Eg deler representantens forståing av utfordringane, og ønskjer å styrke denne viktige delen av barnevernets arbeid. Ungdommar flest får hjelp og støtte av familien langt utover attenårsdagen, i ulike former. Unge som har fått hjelp av barnevernet kan ofte oppleve ein bråare overgang til vaksenlivet. Med gode ettervernstiltak kan vi bidra til at dei unge får naudsynt hjelp, støtte og rettleiing til gradvis å meistre eit sjølvstendig og godt vaksenliv.

Den øvre aldersgrensa for å få ettervernstiltak vart utvida frå 23 til 25 år frå og med 2021. Retten til ettervern vart ytterlegare styrka med den nye barnevernslova som tok til å gjelde 1.1.2023. Det vart då presisert i lova at unge kan få ettervern sjølv om dei har takka nei i ein periode. Unge har med den endringa fått meir enn ein sjanse til å takke ja til ettervernstiltak. Det kom også ein særskilt regel som klargjer når barnevernstenesta pliktar å tilby ettervern. Målet med denne regelen er at tilbodet i kommunane skal bli meir likt, og at det blir meir føreseieleg for den enkelte ungdommen kva ein kan vente seg. Det vart også lovfesta at barnevernstenesta skal ta kontakt med ungdommen i god tid før ungdommen fyller 18 år, for å vurdere om tiltak skal videreførast eller erstattas av andre tiltak.

I nokre tilfelle der barna har flytta mellom kommunar, har det vore uvisse om kva for kommune som har ansvaret for ettervernet. Vi har derfor hatt på høyring forslag om å tydeleggjere i lova at det er den kommunen som har iverksett tiltak før ungdommen fylte 18 år, som òg har ansvaret for ettervernstiltaka.

Mange kommunar arbeider godt med ettervern, og talet på unge som får ettervernstiltak har auka over tid. For å løfte ettervernsarbeidet i heile landet må kommunane få tydelegare rettleiing og verktøy. Difor gjer regjeringa no endringar i saksbehandlingsrundskrivet for barnevernet, i Barnevernsfagleg kvalitetssystem og i grunnmodellen for hjelpetiltak.

I saksbehandlingsrundskrivet skal det understrekast at ungdommens synspunkt og behov skal vege tungt for val av ettervernstiltak. Ungdommen skal få informasjon om ettervern i god tid før 18-årsdagen, og informasjon om retten dei har til å be om etterverntiltak fram til 25 år. Barnevernstenesta pliktar òg å informere om retten til å klage på vedtak om ettervern, og korleis ein går fram om ein vil klage.

Grunnmodellen for hjelpetiltak er eit fagleg rammeverk for korleis barnevernstenesta skal jobbe med å planlegge og innrette hjelpetiltak, kva for rekkefølge tiltaka bør settast inn og kva for andre tenester som må koplast på. Den vil no utvidast med ein eigen del for ettervern, som gir dei tilsette støtte i arbeidet gjennom tydelege anbefalingar om eiga rolle og om samarbeidet med ungdommen, familie og nettverk. Grunnmodellen for hjelpetiltak er utvikla av Bufdir i nært samarbeid med kommunar, brukarorganisasjonar og kompetansemiljø.

For unge som bur i fosterheim kan det ofte vere eit godt ettervernstiltak at ungdommen fortsett å bu i fosterheimen. Det er òg viktig at fosterforeldra får god opplæring og informasjon om ettervern. I opplæringsprogrammet Solid er det fokus på fosterforeldres rolle i eit livsløpsperspektiv. Regjeringa varsla i stortingsmeldinga om fosterheim at opplæringa til fosterforeldre om ettervern skal styrkast ytterlegare.

Ettervern vil òg bli behandla som eit eige tema i regjeringas kvalitetsmelding våren 2025.