Skriftlig spørsmål fra Bengt Rune Strifeldt (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:275 (2024-2025)
Innlevert: 01.11.2024
Sendt: 01.11.2024
Besvart: 08.11.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Bengt Rune Strifeldt (FrP)

Spørsmål

Bengt Rune Strifeldt (FrP): Hvorfor mener landbruksministeren at Tine, i strid med det regjeringen har meldt til Stortinget, på helt selvstendig grunnlag kan sørge for at forbrukerprisene på mat kan stige med opp mot 300 mill. kroner som følge av et enkeltstående vedtak?

Begrunnelse

I Prop 105S(2023-2024) om jordbruksoppgjøret skriver departementet følgende til Stortinget i forbindelse med forslaget om å gå fra målpris til volummodell for melk under kapittel 7.7.1.: «Partene legger til grunn at endringen i seg selv ikke skal føre til endrede priser til bonde, industri eller forbruker, men overgang til et mer markedsbasert prissystem vil gi noe større usikkerhet om prisutvikling og prisvariasjon enn målprismodellen har gitt.» Overgangen til Volummodell vil etter planen tre i kraft 01. November 2024.

Likevel varslet Tine på sine nettsider allerede 16. Oktober at de vil øke melkeprisen mot bonden med 6 øre pr. liter. Virkningen vil dermed medføre økte råvrekostnader for industrien og økte matprisen til forbruker.

Ulike anslag viser at der bonden bare får ut om lag 100 mill. kroner mer av dette grepet, kan derimot forbrukerne risikere prisvekst i butikken opp mot 300 mill. kroner. Konkurransetilsynet er blant aktørene som reagerer negativt på forslaget av hensyn til konkurransen i industrien og til forbrukerpriser.

I tillegg til den prinsipielt betenkelige med å gi Tine denne muligheten, er det verdt å merke seg at endringen fra Tine skjer gjennom et prisvarsel endatil før en ny forskrift er etablert. Dette sammenholdt med at regjeringen legger opp til at Tine i fremtiden kan øke prisene dobbelt så ofte som dagens målpris har gjort, gir sterke signaler om betydelig økte priser over tid.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Under jordbruksforhandlingane 2024 vart det semje om å avvikle målprisen for mjølk. Endringa er nødvendig for ikkje å bryte forpliktingane om internstøtte som Norge har teke på seg i WTO-avtalen. Volummodellen vart valt fordi det er denne modellen som best bidreg til føreseielegheit for sektoren, og modellen gjer det mogleg å føre ein aktiv jordbrukspolitikk som støttar opp under mjølkeproduksjonen sin viktige rolle for mattsikkerheit, verdiskaping og landbruk over heile landet. Den nye prismodellen medfører at Staten ikkje kan setje prisen på mjølk, verken gjennom jordbruksoppgjeret eller gjennom andre direkte inngrep. Ansvaret for å setje ein prisambisjon i form av ein planlagt gjennomsnittleg engrospris er lagt til Tine som marknadsregulator i sektoren.

I volummodellen for mjølk er det tydelege rammer for når Tine skal setje planlagt gjennomsnittleg engrospris. I forskrift om volummodellen for mjølk, som nett er fastsett, heiter det at marknadsregulator skal fastsetje planlagt gjennomsnittleg engrospris innan utgangen av 20. april og 20. oktober kvart år. Partane i jordbruksoppgjeret peika på at det ved overgangen frå målpris til volummodell ville vere trong for å fråvike dei normale varslingstidene for varsling av planlagt gjennomsnittleg engrospris. Forskrift om volummodell for mjølk var på høyring og godt kjent i bransjen da Tine varsla planlagt gjennomsnittleg engrospris frå 1. november den 4. september og for 1. halvår 2025 den 16. oktober. Tines fastsetjing og varsling av planlagt gjennomsnittleg engrospris frå 1. november 2024 og 1. januar 2025 er innanfor rammer som var kjende for bransjen på fastsetjingstidspunktet og som no er forskriftsfesta.

Tine varsla den 16. oktober ein auke i planlagt gjennomsnittleg engrospris for første halvår 2025 på 6 øre per liter, tilsvarande 0,9 prosent. Med eit mjølkevolum på om lag 1 500 millionar liter vil dette utgjere om lag 90 millionar kroner på engrosleddet. At dette skal medføre ein auke i matprisar for forbrukarane på «opp mot 300 millionar kroner», som representanten Strifeldt antydar, er for meg krevjande å sjå.

Til slutt vil eg vil minne om at det i jordbruksoppgjeret vart lagt til grunn at Tine skal ta omsyn til konkurransekrafta til norsk mjølk, produksjonsvolum, produsentøkonomien og målet om jordbruk i heile landet, når dei skal fastsetje planlagt gjennomsnittleg engrospris. Desse omsyna, i tillegg til kvoteordninga og dei potensielle kostnadene ved overproduksjon av mjølk, gjev totalt sett rammer for prissetting på mjølk, som balanserer interessene til mjølkeprodusentane, dei ulike aktørane i meieriindustrien og forbrukarane.