Skriftlig spørsmål fra Mudassar Kapur (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:258 (2024-2025)
Innlevert: 30.10.2024
Sendt: 30.10.2024
Besvart: 06.11.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Mudassar Kapur (H)

Spørsmål

Mudassar Kapur (H): Hvordan blir tapsavsetningen (sammenlignet med regjeringen forslag) dersom denne milliarden omprioriteres den vanlige startlånsordningen?

Begrunnelse

Det er foreslått å sette av om lag 1 milliard kroner av lånerammen til startlån til et forsøk der kommunene kan gi startlån til førstegangsetablerere som er noe bedre økonomisk stilte enn dem som får startlån i dag.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Tap på startlån har vore låge gjennom åra. I 2023 var Husbanken sin del av kommunanes samla tap på om lag 3,6 millionar kroner. Det utgjer 0,03 prosent av dei utlånte midla på om lag 100 milliardar kroner.
For 2025 har regjeringa foreslått at Husbanken kan gi tilsegn om startlån for 18 milliardar kroner. Av denne ramma er 1 milliard kroner sett av til forsøk retta mot førstegongsetablerarar. Når det gjeld anslag for tap på startlån, har vi ikkje tenkt annleis for ramma i forsøket enn for den ordinære startlånsramma.
Det kan hende at tapa på startlån i forsøket blir noko lågare enn tap på ordinære startlån, utan at vi så langt har konkrete haldepunkt. Det heng saman med at det er noko endra kriterium for startlån som blir gitt gjennom forsøksordninga, samanlikna med ordinære startlån. Som for ordinære startlån skal det i forsøket bli gitt startlån til personar md langvarige bustadfinansieringsproblem, men låntakarar i forsøket skal vere noko betre økonomisk stilt enn dei som får ordinært startlån i dag. I tillegg skal lånet på tidspunktet det blir gitt, ikkje overstige 95 prosent av eit forsvarleg verdigrunnlag for bustaden. Det kravet gjeld ikkje for ordinære startlån.
Forsøket er akkurat iverksett, og ei vurdering av om tapa på startlån vil vere annleis for gruppa i forsøket enn for dei ordinære startlånsmottakarane, vil vere hefta med stor usikkerheit. Derfor har vi landa på å ikkje gi eit anna tapsanslag for forsøksgruppa i første omgang. Vi vil følgje nøye med på utviklinga og gjere endringar ved behov.