Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til statsministeren

Dokument nr. 15:238 (2024-2025)
Innlevert: 28.10.2024
Sendt: 28.10.2024
Besvart på vegne av: Statsministeren
Besvart: 04.11.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Statsministeren tilbakeviste på NRK Dagsrevyen 22/10 den massive kritikken mot regjeringas næringspolitikk ved å vise til at «Det skapes 5-6000 nye bedrifter i måneden. De går med godt overskudd».
Er påstanden om 5-6 000 nye bedrifter pr måned som går med overskudd knytt til registrering av nye juridiske einingar fråtrekt einingar som opphører (netto vekst i tal nye juridiske einingar), er det eit tal på faktisk etablerte nye bedrifter med dokumentert økonomisk aktivitet og overskudd, eller eit tal på noko heilt anna?

Begrunnelse

For underteikna og Venstre er det svært uklart kva statsministeren og andre talspersonar for regjeringspartia siktar til når dei i sin kommunikasjon stadig snakkar om «5-6 000 nye bedrifter hver måned». (Jmf. også til dømes trontaledebatten, der Ap-representant Tobias Hangaard Linge i møtereferatet frå 3. oktober er sitert på at:

«Det går bedre for næringslivet med Arbeiderpartiet ved roret enn på svært mange år. Sannheten er at det etableres i snitt 6 000 nye foretak hver eneste måned».)

Er dette snakk om tal for registrerte juridiske einingar, eller om faktiske bedrifter med tilsette og aktivitet? I tilfelle sistnemnde, som er det reelt interessante, er det uklart korleis regjeringa har kome fram til dette talet og kva metodikk som er brukt. Det er også uklart om tala er fråtrekt dei selskapa som blir oppløyst, går konkurs eller lagt ned.
Særleg interessant er det kva dokumentasjon som finst på statsministeren sin påstand om at desse 5-6 000 nye bedriftene går med overskot.
Det er også uklart om regjeringa ved si stadige insistering på at det blir etablert «5-6 000 nye bedrifter hver måned» meiner å tilbakevise ulike analyser som dokumenterer lavare oppstartsaktivitet og grunderskap i Noreg enn i våre naboland; for eksempel Abelias Omstillingsbarometer og Global Entrepreneurship Monitor som viser at Noreg har relativt sett få nyetablerte bedrifter.
Professor Bram Timmermans ved NHH seier følgande om kva som er ein fornuftig definisjon av grunder og grunderskap i eit ferskt innlegg på LinkedIn:

«Basert på assosiasjoner som innovasjon, omstilling, verdiskaping og vekst, kan en mer presis beskrivelse være at gründerskap handler om «selskaper grunnlagt av én eller flere gründere for å utvikle et unikt produkt, en tjeneste eller et verdiforslag og bringe det ut på markedet. I denne prosessen søker gründeren(e) bak selskapet å effektivt utvikle og validere en skalerbar forretningsmodell. Bedriften etableres med ambisjoner om å vokse utover gründerne og gründerteamet.»

Timmermanns anslår at berre rundt ti prosent av alle nye juridiske einingar oppfyller desse krava. Det kunne vere nyttig å avklare om regjeringa har ei anna forståing av dette temaet enn Timmermans og andre fagfolk på grunderskap og bedriftsetablering.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Tala statsministeren viste til i intervjuet er henta frå SSBs oversikt over tal på nye føretak unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane. Dette er truleg blant dei beste tala me kan bruka. Det er ikkje eit nettotal, men eit tal som fortel oss at kvar månad er det nokon som satsar og startar opp næringsverksemd i norsk økonomi. Me må gå ut frå at det skjer fordi gründerar og andre ser potensiale for å skapa verdiar gjennom å satsa i Noreg.
Statsministerens andre poeng, at bedrifter går med overskot, er også henta frå SSB. Disse tala viser at samla driftsresultat i marknadsretta verksemd i Fastlands-Noreg var på over 630 mrd. kr i 2023, ein auke på om lag 114 mrd. kroner sidan 2021. Til samanlikning er auken frå 2021 til 2023 berre nokre milliardar mindre enn auken i heile perioden frå 2013 til 2021.
I ein omstillingsdyktig økonomi som den norske, vil det alltid vera slik at bedrifter blir lagd ned og nye blir etablerte. Det er ein naturleg dynamikk og slik bør det vera. Det er dei samla rammevilkåra som avgjer om Noreg er eit attraktivt land å driva næringsverksemd i. Det at det faktisk har vorte etablert fleire tusen nye bedrifter i månaden over lang tid kan indikera at rammevilkåra ligg til rette for verdiskaping som både gir overskot og gevinstar for kvar enkelt bedrift, og for samfunnet samla sett.
Statsministeren sa også noko anna i intervjuet. Nemleg at det ikkje talar til truande at det ikkje er godt å driva verksemd i Noreg. Dette er noko eg også er oppteken av å formidle. Det går faktisk godt i norsk økonomi. Det blir investert mykje og arbeidsløysa er låg. Sysselsettinga er også høg. Prisveksten er ned frå dei høge nivåa me har sett tidlegare. Det bør gle også representanten Bjørlo.