Alfred Jens Bjørlo (V): Har Kommunal- og distriktsdepartementet no fått ei samla rapportering over alle departementa si oppfølging av fellesføringa om desentralisert arbeid i staten i sine underliggande verksemder slik at vi har oversikt over omfang og rutinar for bruk av og erfaringane med desentralisert arbeid i staten, og kan statsråden i så tilfelle oversende denne samla rapporteringa i sin heilskap til Stortinget?
Begrunnelse
Auka bruk av desentralisert arbeid i staten kan styrke lokale kompetansemiljø og auke distrikts-Noreg sin tilgang til kompetansearbeidsplassar. Tilrettelegging for at statlege arbeidsoppgåver kan bli utført staduavhengig, vil bidra til at ein held på og styrkar fagkompetanse i distrikta, og til å skape større fleksibilitet i det statlege arbeidslivet. Det kan betre rekruttering av etterspurt kompetanse, gje høve til å halde på kritisk arbeidskraft dersom arbeidstakarar flyttar og det gir fleire tilgang til kompetansearbeidsplassar i staten.
Regjeringa har fram til no ikkje hatt oversikt over talet på tilsette i staten med fast arbeidsstad utanfor ordinær kontorstad, eller over kor mange staduavhengige stillingar i staten som har vorte utlyst. Dette trass i at alle statlege verksemder, i følgje Kommunal- og distriktsministeren sitt svar på mitt skriftlege spørsmål Dokument nr. 15:2031 (2022-2023), no er pålagde å vurdere kva høve dei har for auka bruk av desentralisert arbeid, med det formål å oppnå meir desentralisering av statlege arbeidsplassar og styrkje lokale fagmiljø. I føringa blir det peikt på at slikt desentralisert arbeid fortrinnsvis bør bli kombinert med høve til å vere knytt til eit kontorfellesskap der det er tilgjengeleg.
Frå og med årsrapporten for 2023 skal alle statlege verksemder i årsrapporten gjere greie for si vurdering av mogelegheitene for desentralisert arbeid, omfang og bruk av desentralisert arbeid i verksemda og erfaringane med dette. Dersom verksemda ikkje har hatt auke i desentralisert arbeid eller dersom bruken har gått ned, skal det særskilt gjerast greie for årsakene til dette.
Underteikna etterlyste ein slik samla oversikt over omfang og bruk av desentralisert arbeid i skriftleg spørsmål Dokument nr. 15:2041 (2023-2024), dagsett 14. mai 2024. I sitt svar opplyste Kommunal- og distriktsministeren at departementa på det tidspunktet (mai 2024) var i ferd med å formulere ei samla rapportering til Kommunal- og distriktsdepartementet om oppfølginga av fellesføringa om desentralisert arbeid i staten i sine underliggjande verksemder.
No har det gått snart eit halvt år til. Eg legg til grunn at den samla rapporteringa no er ferdigstilt og kan sendast over i sin heilskap til Stortinget.