Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:209 (2024-2025)
Innlevert: 24.10.2024
Sendt: 24.10.2024
Besvart: 30.10.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Vil regjeringa gjera som FN seier og gjennomgå norske bedrifter og organisasjonar og vurdera om dei støttar opp om Israels ulovlege okkupasjon av palestinske område?

Begrunnelse

18. oktober kom ein uavhengig granskingskommisjon i FN med ein handlingsplan for korleis tredjestatar (herunder Noreg) skal følgja opp Den internasjonale domstolen (ICJ) si rådgjevande fråsegn om at Israels okkupasjon av palestinske område er ulovleg.
Kommisjonen seier at norske styresmakter må gå gjennom norske bedrifter og organisasjonar og relasjonen deira til Israel og okkuperte område. Norge må ifølge FN nøye vurdere om norske bedrifter eller organisasjonar støttar Israels ulovlege okkupasjon økonomisk eller politisk.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Den uavhengige internasjonale undersøkingskommisjonen for dei okkuperte palestinske områda publiserte 18. oktober eit posisjonspapir med fleire anbefalingar til statar, FNs generalforsamling og FNs tryggingsråd om korleis dei kan implementera ICJ sine utsegn. Anbefalingane dekker mellom anna diplomatiske, militære og økonomiske forhold. Kommisjonen består av uavhengige ekspertar, og posisjonspapiret reflekterer deira meiningar, ikkje FN som heilskap. Kommisjonen har sitt mandat frå FNs menneskerettsråd, og blei oppretta i 2021.
ICJs rådgivande utsegn av 19. juli var ei kraftfull utsegn frå FNs høgaste domstol. Den slo fast at Israels vidare nærvær i det okkuperte palestinske området er i strid med folkeretten, og må avsluttast. Israel må umiddelbart stanse alle ulovlege busetjingar og gje full erstatning til alle råka palestinarar. I tillegg inneheld utsegna vurderingar av rettsverknader som Israels politikk og praksis har for tredjestatar.
ICJs utsegn er i tråd med Noregs syn på saka, synspunkt vi også gjorde greie for i det norske munnlege innlegget for domstolen. Noreg har i lang tid vore tydeleg på at den israelske busetjingspolitikken på okkupert land er i strid med folkeretten og må opphøyre. Dette er slått fast i ei rekkje resolusjonar frå FNs tryggingsråd, inkludert i resolusjon 2334 (2016). Busetjingane på okkupert land undergrev moglegheita for ei fredeleg løysing på konflikten og utgjer ein trussel mot fred og tryggleik i regionen.
Frå norsk side har vi også gjennom mange år arbeidd for å unngå at ein frå norsk side bidreg til å støtte opp under israelsk nærvær på okkupert palestinsk territorium. Som følgje av dette, er det allereie gjennomført ei rekkje tiltak.
Blant desse kan nemnast at Noreg har innført krav om merking av næringsmiddel produsert i dei israelske busetjingane. Regjeringa frårådde også 7. mars i år handel og næringsverksemd med israelske busetjingar. Den 17. oktober skjerpa regjeringa denne frårådinga ytterlegare og åtvara norsk næringsliv mot å drive handel og næringsverksemd som bidreg til å oppretthalde Israels ulovlege okkupasjon av Palestina. Regjeringa understreka at slik handel og næringsverksemd kan bli forbunde med grove brot på menneskerettane og humanitærretten, og vil i visse tilfelle kunne bli rekna som å bidra til at desse brota kan halde fram.
Regjeringa har dialog med selskap med statleg eigardel om aktsemdsvurderingar knytt til humanitærretten. Noreg har omfattande og streng kontroll av Noregs eksport av forsvarsmateriell. Det er ikkje tillate for norske bedrifter å eksportere forsvarsmateriell, eller fleirbruksvarer for militær sluttbruk, til Israel.
Regjeringa forventar at norske selskap opptrer ansvarleg og etterlever Openheitslova, FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP) og OECD sine retningslinjer for fleirnasjonale selskap.
Det er næringslivet sjølv som har ansvar for å følgje opp dette rådet og gjere sine vurderingar, inkludert aktsemdsvurderingane som er pålagt gjennom Openheitslova. Vi legg til grunn at verksemdene i denne samanhengen gjennomfører skjerpa aktsemdsvurderingar. Det er Forbrukartilsynet som er tilsynsmyndigheit for Openheitslova.