Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:204 (2024-2025)
Innlevert: 24.10.2024
Sendt: 24.10.2024
Besvart: 30.10.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram berekna kostnadsauke regjeringa har lagt til grunn, som vert gjeldande for kravet om nullutslipsferjer, kontra konvensjonelle ferjeanbud med Euro 6, satt opp skjematisk og fordelt berekna kostnadsauke pr ferjefylke?

Begrunnelse

Regjeringa har nå også stilt krav om nullutslipp for alle nye ferjeanbud gjeldende frå 1/1-2025.
Fra før har fleire fylker og på fleier riksvegsamband omstilt sine ferjestrekninger til nullutslipp, med ein betydeleg ekstrakostnad.
Det er rimeleg godt kjent at anboda for nullutslippsferjer er betydeleg dyrare enn konvensjonelle ferjer med Euro 6 eller gass. Det er osgå slik at infrastrukturen ved el ferjer påfører store kostnadar på land med aldeanlegg og ikkje minst ang tilførsel av strøm, som erfaringsmessig har kostand pr kaianlegg på fleire titals mill kr pr stk.
Regjeringa må ha ein detaljert oversikt over desse kostnadane, med bakgrunn i at det til stadig vert hevda at ferjedrifta vert kompensert fullt ut til fylkeskommunane.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Kostnadsauken for ferjedrifta som følge av nullutslippskrav til ferjer avheng av kor strengt kravet vert satt. I statsbudsjettet for 2025 har regjeringa føreslått ein terskelverdi på 6 000 kroner per tonn redusert CO₂-ekvivalentar. Dersom kostnaden ikkje overstig dette nivået, vil kravet bli rekna som økonomisk gjennomførbart. Departementet har, på bakgrunn av opplysingar frå Miljødirektoratet, lagt til grunn at omtrent ein tredel av sambanda kan få unntak på grunn av at tiltakskostnaden vil vere over 6000 kroner per tonn redusert CO₂-ekvivalentar. Menon har rekna med at ein årleg meirkostnad som følge av eit strengt krav utan særskilt adgang for unntak vil ligge på 690 mill. kroner. Menon har ikkje lagt til grunn noko unntak for om ferjeanbodet er økonomisk gjennomførbart med ein tiltakskostnad under 6 000 kroner slik regjeringa har føreslått i statsbudsjettet for 2025. Kostnaden blir difor lågare.
Regjeringa har føreslått 50 mill. kroner i auka rammetilskot til fylkeskommunane som økonomisk kompensasjon for nullutsleppskravet i statsbudsjettet for 2025. Forslaget til krav i statsbudsjettet inneber at kompensasjonen bør trappast opp i dei nærmaste åra, etter kvart som kravet får effekt for stadig fleire samband som lysast ut. Den konkrete opptrappinga vil bli vurdert i dei årlege budsjettprosessane, der kompensasjonen vil bli justert årleg for å reflektere meirkostnadane. Midlane vert særskilt (tabell C) og fordelt mellom fylkeskommunane etter ferjekriteriet i kostnadsnøkkelen for 2025.

Vedlegg i pdf-format