Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:200 (2024-2025)
Innlevert: 23.10.2024
Sendt: 24.10.2024
Besvart: 31.10.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Er statsråden enig i regjeringens egen fremstilling av at regjeringens forslag til nominell videreføring av barnetrygden i realiteten er et kutt for de som mottar trygden?

Begrunnelse

I den muntlige spørretimen 23. oktober 2024 svarte statsråden blant annet følgende på mitt spørsmål om den nominelle videreføringen av barnetrygden i regjeringens forslag til statsbudsjett for 2025 vil føre til flere eller færre barn som vokser opp i fattigdom:
«Når det gjeld barnetrygda, er det sant at ho ikkje er prisjustert for neste år, men eg reagerer likevel på framstillinga om at vi dermed har kutta i barnetrygda.»

I «Gul bok» lister regjeringen derimot selv opp barnetrygden som eksempel på kutt ved at den ikke prisjusteres under kapittel 1.3 - Innstramminger og omprioriteringer. Regjeringen omtaler selv omprioriteringene listet opp i dette kapitlet som «nødvendig for å skape rom for satsinger og økte utgifter på andre områder.»

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg er samd med representanten i at prisvekst svekkjer realverdien til barnetrygda. I Stortinget la eg heller ikkje skjul på at regjeringa ikkje har foreslått å auke dei gjeldande satsane i barnetrygda med pårekna vekst i konsumprisindeksen neste år, såkalla prisjustering.
Samanlikna med saldert budsjett 2024 er satsen for barn over 6 år betydeleg auka, med 254 kroner i månaden, grunna budsjettforliket om revidert nasjonalbudsjett for 2024. Satsane for barn under 6 år og utvida barnetrygd er uendra i 2024.
I debatten i Stortinget var eg oppteken av å få fram at barnetrygda er auka vesentleg under denne regjeringa. Etter fleire semjer mellom Sosialistisk Venstreparti og regjeringspartia om statsbudsjett, er den årlege barnetrygda for barn over seks år 8 500 kroner høgare enn då regjeringa tiltredde.
I tillegg er den årlege utvida barnetrygda til einslege forsørgjarar auka med noko over 17 500 kroner. Auken for einslege forsørgjarar blei gjennomført i samanheng med å avvikle særfrådraget til einslege forsørgjarar i 2023. Same år vart regjeringspartia og Sosialistisk Venstreparti samde om ein særskild auke i utvida barnetrygd på 5 000 kroner i året. Eg vil òg nemne at regjeringa, etter semje med Sosialistisk Venstreparti om statsbudsjettet for 2022, endra sosialtenestelova slik at Arbeids- og velferdsetaten ikkje skal ta omsyn til barnetrygda ved utmålinga av sosialstønad.
Til saman er dette endringar med stor tyding for dei med lågast inntekt. Å styrkje universelle velferdsgode, som auka barnetrygd, billigare barnehage og skulefritidsordning, krev betydelege budsjettmidlar, men har vore viktige prioriteringar og bidreg til betre økonomi for barnefamiliane.