Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:188 (2024-2025)
Innlevert: 23.10.2024
Sendt: 23.10.2024
Besvart: 30.10.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Varer som blir frakta mellom Sør- og Nord-Noreg blir i dag i all hovudsak frakta gjennom Sverige, på jernbane og lastebil. Frakta blir handtert med ein såkalla forenkla transitteringsprosess. Januar 2025 kjem det nye krav i NCTS5, og dagens transitteringsprosess vil ikkje lenger vere mogleg. All frakt mellom sør og nord vil dermed måtte flyttast over til lastebilar som blir køyrde gjennom Noreg.
Kva gjer statsråden for å sikre at vi får ei løysing på plass raskt, slik at vi slepp ei omlegging av godstransporten?

Begrunnelse

Når NCTS5 (New Computerised Transit) blir innført i januar 2025 er det fare for at det ikkje lenger vil vere mogleg å frakte gods mellom sør og nord i Noreg gjennom Sverige. Det er via Sverige all denne transporten går i dag, på både veg og jernbane.
Resultatet vil bli at alle varer som blir frakta frå Sør-Noreg til Nord-Noreg må flyttast over på lastebil gjennom Noreg. Det vil få fleire alvorlege konsekvensar. For det første har ikkje vegnettet kapasitet til å ta imot denne auken i trafikk. Å flytte desse godsvoluma vil bety eit mykje større tal lastebilar på norske vegar. For det andre vil det auke klimagassutsleppa når all frakt som i dag går gjennom Sverige på tog skal over på norske vegar. Det vil også bety krise for gods på bane, som allereie står i ein alvorlege situasjon. Strekninga Oslo-Narvik gjennom Sverige er den viktigaste strekninga for gods på bane for både jernbaneselskap og jernbanekundar.
Det er heilt avgjerande å få ei løysing på plass innan svært kort tid. Både Tolletaten, Samferdselsdepartementet og Jernbanedirektoratet skal ha vore kjent med denne problemstillinga i snart eit år. Transportbedriftene kan ikkje vente til årsskiftet med ei avklaring, dei er nøydde til å starte prosessen med omlegging av dei aktuelle godsvoluma dersom ei løysing ikkje snart kjem på plass. Ein slik prosess vil vere vanskeleg å snu dersom han først blir påbyrja.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringen ønsker å legge til rette for at jernbanen kan ta en større andel av godstrafikken. Jernbanestrekningen mellom Oslo og Narvik, via Sverige, er svært viktig for godstransporten mellom Sør- og Nord-Norge. For norske varer som fraktes via Sverige, benyttes det i dag prosedyren transittering. Fra januar 2025 blir det som følge av innføringen av NCTS (New Computerised Transit System) fase 5 krav til registrering av varenummer på seks siffer for disse transportene. Norske varer i transitt gjennom Sverige har i liten grad detaljert beskrivelse og dokumentasjon. Det er problematisk å oppgi varenummer siden varene normalt sett ikke følges av faktura eller lignende underlagsdokumentasjon ved forsendelse Norge-Sverige-Norge.
Innføringen av NCTS fase 5 kan potensielt få store konsekvenser for godstransporten på jernbanen. Selv om tollregelverket ikke er under mitt formelle ansvarsområde, er dette en viktig sak for meg. Samferdselsdepartementet har hatt kontakt med Finansdepartementet og fått opplyst at Tolletaten har dialog med det svenske Tullverket for å undersøke om det er mulig å få til en forenklet ordning for norske varer i transitt gjennom Sverige. Tolletaten vil holde Finansdepartementet oppdatert om saken.
Jeg hadde også selv nylig et lunsjmøte med den svenske infrastruktur- och bostadsministeren, og i etterkant har jeg sendt ham et brev om denne problemstillingen og viktigheten av at vi finner en løsning.