Sveinung Rotevatn (V): Kva er kostnaden av å ferdigstille regjeringskvartal-parken i pågåande byggetrinn, alternativt som eit mellombels tiltak der ein opparbeider parken og opnar den for publikum uavhengig av oppstart av tredje byggetrinn?
Begrunnelse
Bygginga av nytt regjeringskvartal har stor påverknad på utviklinga av Oslo. Prosjektet består av forholdsvis introverte bygg, der tryggleik går først. Likevel er det enkelte element i prosjektet som er meint å bidra til positiv byutvikling, ikkje minst den planlagte parken som skal strekke seg frå Akersgata, forbi Deichhman til Møllergata. Regjeringsparken vil bli eit av svært få grøntareal i indre by og kan bidra til positiv områdeutvikling i ein del av hovudstaden som har utfordringar i dag. Ferdigstillinga av Regjeringsparken er knytt til tredje byggetrinn, som er utsatt. Spørsmålet er om denne delen av prosjektet kan ferdigstillast uavhengig av spørsmålet om oppstart av tredje byggetrinn.