Svar
Erling Sande: Innsatssona for Finnmark og Nord-Troms, som tidlegare vart kalla tiltakssona, omfattar alle kommunane i Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms (Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Karlsøy, Lyngen og Storfjord). Målet med innsatssona er å skape ein attraktiv region å bu, arbeide og drive næringsverksemd i. Det er fleire særskilde verkemiddel for innsatssona, retta mot både privatpersonar, næringsliv og kommunane i området.
Rammetilskotet til kommunane består av eit innbyggartilskot, regionalpolitiske tilskot som mellom anna distriktstilskot Nord-Noreg, og eit skjønstilskot. Når det gjeld innbyggartilskotet er det er ingen særskilde ordningar for kommunane i innsatssona i Nord-Troms og Finnmark, med unntak av kompensasjonen som desse kommunane får for gratis barnehage. Kommunane i Nord-Troms og Finnmark blir behandla på same måte i berekninga av kompensasjonen for gratis barnehage i innsatssona. I forslaget til statsbudsjett for 2025 er den samla kompensasjonen for gratis barnehage i innstassona på 130,921 mill. kroner.
Kommunane i innsatssona får distriktstilskot Nord-Noreg etter høgare satsar enn andre kommunar i Nord-Noreg. Distriktstilskot Nord-Noreg består av ein del som blir fordelt per innbyggar, og ein del som blir fordelt per kommune til dei minste kommunane. Det er ingen forskjell mellom Nord-Troms og Finnmark når det gjeld den delen av distriktstilskotet som blir gitt som småkommunetillegg. Den delen av distriktstilskotet som blir gitt med ein sats per innbyggar, varierer mellom kommunar i ulike fylke og område innanfor fylke. I forslaget til statsbudsjett for 2025 er satsen i Finnmark på 9 814 kroner per innbyggar, mens satsen i Nord-Troms er på 4 737 kroner per innbyggar. Til samanlikning er satsen i resten av Troms 4 019 kroner per innbyggar, mens satsen i Nordland og Namdalen er 2 096 kroner per innbyggar.
Dersom kommunane i innsatssona i Nord-Troms hadde fått distriktstilskot Nord-Noreg etter dei same satsane som i Finnmark, ville kvar kommune fått ein auke i distriktstilskotet på 5 077 kroner per innbyggar. Det samla distriktstilskotet til dei sju kommunane ville auka med 88,969 mill. kroner.
Viss ein legg til grunn ei uendra kommuneramme, vil ein auke i distriktstilskotet bli finansiert med eit likt beløp per innbyggar frå innbyggartilskotet til alle kommunane i landet. Ein auke i distriktstilskotet på 88,969 mill. kroner vil innebere ein reduksjon i innbyggartilskotet på 16 kroner per innbyggar for alle kommunar, inkludert kommunane i innsatssona.
Rammetilskotet til kommunane blir delt i ti like store terminbeløp som blir betalt ut kvar månad unntatt i august og desember. Utbetalinga av auken i distriktstilskotet det første halvåret vil derfor vere 6/10 av den samla auken (53,381 mill. kroner), mens utbetalinga i andre halvår vil vere 4/10 av beløpet (35,588 mill. kroner).