Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:146 (2024-2025)
Innlevert: 18.10.2024
Sendt: 18.10.2024
Til behandling

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Palestinske flyktningar i Libanon hamnar bakarst i køen i eit land i akutt krise, og har få moglegheiter til å koma seg vekk frå Israels angrep.
Kva vil regjeringa gjera for å hjelpa desse palestinske flyktningane?

Begrunnelse

Palestinarane i Libanon er hovudsakleg flyktningar frå 1948 og etterkomarane deira. Tre-fire generasjonar har vakse opp og lever liva sine i flyktningleirar. Det siste tiåret har det også kome palestinske flyktningar frå Syria. Palestinske flyktningar har få rettar i Libanon, og svært mange er avhengige av hjelp frå FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA). Den økonomiske krisa i Libanon dei siste åra har forverra situasjonen deira, og så kjem dei intense angrepa frå Israel på toppen av dette.

Fleire av dei palestinske flyktningane flyktar no nordover i Libanon på grunn av Israels bombing, og er heilt avhengige av naudhjelp. Samtidig er UNRWA i ein svært vanskeleg finansiell situasjon. Dei klarer ikkje lenger å gi dei tenestene dei vanlegvis gir til palestinarar i Libanon.

UNRWA har heller ikkje mandat til å relokalisera palestinarar eller til å finna varige løysingar for flyktningane. Palestinarane har dessutan ikkje rett på hjelp frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), og kan dermed ikkje få status som kvoteflyktning. Palestinarane er truleg det einaste folket i verda som er i denne situasjonen.

Noreg har auka løyvingane til UNRWA tidlegare i år, utan at det på nokon måte dekkar behova. Spørsmålet er om Noreg kan bidra på andre måtar også, ved å arbeida langs diplomatiske og politiske spor som kan avhjelpa den krisa som er nå og bidra til meir varige løysingar. For eksempel kan det tenkast å endra mandatet til UNRWA og/eller UNHCR slik at palestinske flyktningar kan få hjelp til å koma seg ut av krigssonene. Anten ved at UNRWA får utvida mandat til å kunna relokalisera flyktningar, eller ved at UNHCR kan få mandat til å hjelpa palestinske flyktningar. Alternativt at Noreg tar eigne initiativ og gjer noko på eiga hand.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig