Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:128 (2024-2025)
Innlevert: 16.10.2024
Sendt: 16.10.2024
Besvart: 22.10.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram dei reelle endringane og eventuell auke innan samferdselssektoren gjeldande for Møre og Romsdal fylkeskommune, med bakgrunn i regjeringa sitt budsjettframlegg for 2025 målt mot budsjett 2024 – satt opp med samla reell auke i totale rammeoverføringar inkl. øyremerka postar, hensyntatt at der er enkeltpostar som er teken ut av øyremerka grunnlag og som no er lagt inn i ordinær rammeoverføringa?

Begrunnelse

Regjeringa har i sitt framlegg til statsbudsjett lagt fram hevda utvikling i rammeoverføringane for dei ulike kommunane og fylkeskommunane.
Innan samferdselsområdet er det lagt til grunn for fylkeksommunane endringar frå tidligare øyremerka tilskot som no er lagt inn i rammeoverføringa, som då sjølvsagt legg til grunn ein påstått auke i samla rammeoverføring, som i realiteten ikkje er dette.
Det er gjort endringar i berekninsgrunnlaget for rammeoverføringane generelt men også gjeldande ferjedrifta.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I all hovudsak vert fylkeskommunal samferdsel finansiert gjennom fylkeskommunane sine frie inntekter, som består av skatteinntekter og rammetilskotet til fylkeskommunar. Investeringar i fylkesveg vert òg finansiert med mellom anna lån og bompengefinansiering.
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet ein realvekst i dei frie inntektene til fylkeskommunane på 1,65 mrd. kroner i 2025, rekna frå inntektsnivået i revidert nasjonalbudsjett for 2024. Realveksten er vekst i frie inntekter ut over anslått prisvekst, kompensasjon for oppgåveendringar og innlemming av øyremerkte tilskot. Fylkeskommunane disponerer sjølv dei frie inntektene ut frå lokale prioriteringar og behov, og midlane er derfor ikkje øyremerkt særskilde formål, som samferdsel eller andre oppgåver.
Innanfor realveksten på 1,65 mrd. kroner, er 300 mill. kroner grunngitt med behovet for opprusting og fornying av fylkesvegnettet. Desse midlane er gitt med ei særskild fordeling over tabell C-saka Opprusting og fornying av fylkesvegnettet, og Møre og Romsdal fylkeskommune får 30,27 mill. kroner av auken. Med denne veksten utgjer den særskilde fordelinga knytt til opprusting og fornying av fylkesvegane til saman 2 555,3 mill. kroner for alle fylkeskommunar i 2025, og Møre og Romsdal får til saman 257,8 mill. kroner av desse midlane.
Regjeringa la i Nasjonal transportplan 2025–2036 opp til å avvikle tilskotsordninga kap. 1320 Statens vegvesen, post 65 Tilskot til fylkesvegar, og overføre midlane til tabell C-saka Opprusting og fornying av fylkesvegnettet i rammetilskotet til fylkeskommunar. Dette er følgt opp i budsjettframlegget. Fordelinga mellom fylkeskommunane vert den same, og gir såleis ingen reell endring. Endringa vil redusere dei administrative kostnadane både for fylkeskommunane og staten.