Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:126 (2024-2025)
Innlevert: 16.10.2024
Sendt: 16.10.2024
Til behandling

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Eg forsøker igjen, og krever at samferdselsministeren svarer på og leggjer fram berekningsgrunnlaget som regjeringa la til grunn for bortfall av inntekter for samtlige gratisferjestrekningar som vart innført i Møre og Romsdal, lagt fram med grunnlag i innføringstidspunktet, fordelt pr. ferjestrekning.
Korleis kan samtidig samferdselsministeren vise til og minne om at det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesferjedrifta og finansieringa av dette, når statsråden samtidig instruerar og tar frå fylka dette ansvaret?

Begrunnelse

I svar på skriftleg spørsmål frå underteikna til statsråden i spørsmål nr. 72 svarer ikkje samferdselministeren på det eg faktisk stiller spørsmål om.
Eg får prøve igjen, og ber no statsråden vere oppmerksom på at det SKAL svarast korrekt på spørsmåla som vert stilt frå Stortinget til regjeringa, ikkje omtrentleg eller unnvikande.
Regjeringa har innført gratisferjer i ein rekker av ferjesamband i ulike fylker, og lagt til grunn ein kompensasjon med bakgrunn i ein eller anna beregningsmetode og grunnlag.
- det er dette grunnlaget eg har etterlyst og som eg krever svar og ei oversikt over.
I svar på mitt spørsmål nr 72, skriver statsråden følgjande:

"Inntektsmodellen i ferjekriteriet er justert for å ta omsyn til det samla inntektsbortfallet som følgje av reduserte ferjetakstar og innføring av gratis ferje. Dei fylkeskommunane som har den største reduksjonen i billettinntekter, skal òg ha den største delen av kompensasjon."

Regjeringa har tydelegvis lagt til grunn eit eller anna beregningsgrunnlag for å kunne kompensere fylkeskommunane sine tap av inntekter på dei ulike innføringane av gratisferjer, og sågar straffa fylker som innført betaling igjen med å trekke ut tilskott i rammeoverføringane.
Derfor kan det ikkje vere særleg vanskeleg og innvikla for samferdselsministeren å kunne svare konkret og korrekt på kva til dømes det totale bortfallet av inntekter for dei ulike gratisferjene i Møre og Romsdal var i regjeringa sitt beregningsgrunnlag, på innføringstidspunktet.
Når regjeringa har innført gratisferjer, og kompensert det dei meiner er inntektstapet til fylkeskommunanen, er det også åpenbart eit krav at regjeringa legger fram disse beregningane med dokumentasjon på korleis dei har kome fram til disse tallgrunnlaga.
Det er like åpenbart at dersom regjeringa ikkje har eit system for å kunne fange opp kostnadsaukane i dei ulike kontraktene etter at regjeringa sjølve til dømes har ført ein politikk som har drevet både straum og drivtsoffprisane til himmels, likeså det meste av andre kostnadsdrivarar.
Dersom dette ikkje blir kompensert, betyr det i realiteten at fylkeskommunane får eit betydeleg tap i ferjedrifta dag for dag, år for år, påført og styrt av regjeringa utan muligheit for fylka å kunne påverke eller stoppe dette.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig