Skriftlig spørsmål fra Roy Steffensen (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:118 (2024-2025)
Innlevert: 15.10.2024
Sendt: 15.10.2024
Besvart: 22.10.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Roy Steffensen (FrP)

Spørsmål

Roy Steffensen (FrP): I sak hos NTB 3.sep 2019 viste tall fra kommunaldepartementet at kommunene fikk helt eller delvis medhold i 42 prosent av klagesakene som ble behandlet av den rødgrønne regjeringen i perioden 2005–2013, mens det var økt til 81 % under Solberg-regjeringen i perioden 2013-2019.
Er det mulig å få en oversikt over utviklingen siden 2019?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eg legg til grunn at spørsmålet handlar om motsegnssaker, ikkje andre typar klagesaker etter plan- og bygningslova. I 2019 samla sett, 2020 og 2021 enda høvesvis 86 %, 79 % og 73 % av sakene med at kommunen fekk heilt eller delvis medhald. For tida frå regjeringsskiftet i 2021 og til no har kommunane fått heilt eller delvis medhald i 61 % av sakene.
Det har over lang tid vore jobba godt med å sikre at motsegner blir brukt på rett måte, og førebygge unødvendige motsegner. Det er òg viktig å bidra til at motsegner blir løyst lokalt gjennom dialog, før saka blir sendt inn til departementet. Ser ein på åra 2013-2021 fatta departementet i snitt 29 vedtak i året i snitt. For åra 2022-2024 er snittet per i dag på 15. Talet på motsegner som blir handsama i departementet er altså noko mindre, men konfliktnivået i mange av sakene er høgt, og etter mi vurdering høgare enn mange av sakene som kom til departementet tidlegare.
Så er det også slik at denne regjeringa prioriterer jordvern langt høgare enn det Solbergregjeringa gjorde. Vi tek òg omsynet til klima og natur på alvor, og vi har i tillegg fått eit større fokus på samfunnstryggleik i planlegginga. Desse forholda er med på å forklare utfallet i nokre av sakene.
Omsynet til det lokale sjølvstyret er grunnleggjande for meg og for denne regjeringa, og det ligg alltid til grunn når eg skal ta avgjerder i motsegnssaker. Samstundes må dette vegast opp mot dei nasjonale interessene i planlegginga, som kommunane òg har eit ansvar for å forvalte i si arealplanlegging. Eg meiner at motsegnsavgjerdene som er tekne under denne regjeringa viser at vi balanserer desse omsyna på ein god måte.