Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:107 (2024-2025)
Innlevert: 14.10.2024
Sendt: 14.10.2024
Til behandling

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Kan statsråden forsikra at det snarast blir gitt klarsignal om reetablering av villrein i Nordfjella sone 1?

Begrunnelse

Stortinget gjorde 13. juni 2024 slikt vedtak: «Stortinget ber regjeringa snarast mogleg reetablere villrein i Nordfjella i sone 1 med villrein frå sone 2 når denne kjeldebestanden er friskmeld på bestandsnivå, slik at risikoen for resmitte er handtert på eit akseptabelt nivå.»
Skrantesjuke (CWD) blei påvist på villrein i Nordfjella sone 1 i 2016. Det førte til at all villrein i denne sona blei teken ut. Samtidig blei det lagt til grunn reetablering innan få år.
Det er kvart år felt dyr i sone 2, utan at det er påvist smitte. Dermed må kravet om friskmelding av villreinen i området nå vere innfridd.
Lokalt og regionalt er det stor vilje til å sikra ei livskraftig stamme av villrein. Då må reinen og kome tilbake til dei attraktive leveområda i Nordfjella. Det er derfor heilt forståeleg at ordførarar og andre nå krev eit snarleg klarsignal frå regjeringa om reetablering.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig