Olve Grotle (H): Har samferdsleministeren forståing for situasjonen på Kaupanger i Sogndal kommune slik denne er skildra i brevet til Statens vegvesen av 7. juli 2024, og kan han stadfeste at svv i saka har høve til å fastsette at 60 km-sona skal bli gjort permanent og at det ikkje er noko regelverk som hindrar dette?
Begrunnelse
Ei strekning på om lag 800 meter på Rv5 gjennom Kaupanger sentrum i Sogndal kommune, fekk i 2021 redusert fartsgrense til 60 km/t. Det var eit særs viktig og rimeleg tiltak for å sikre mjuke og harde trafikkantar på kort og lang sikt. Erfaringane frå dei som bur og jobbar her er eintydige: Redusert fart er nødvendig og gir tryggleik for mjuke og harde trafikkantar, samt hjort som ferdast på begge sider av Rv5. Av- og påkøyring til Rv 5 er tryggare og betre. Før fartsgrensa blei sett ned, har det vore fleire ulykker bakfrå i desse kryssa.
Trafikkmåling gjort av Sogndal kommune i veke 26/27 2022 viser at det er inntil 2 700 køyretøy i døgnet inn til næringsområdet (Skarpeteigvegen). Samtidig er det stor trafikk inn til Shell, idrettspark, barnehage etc. på den andre sida.
Rv 5 er rett nok ei viktig ferdselsåre aust-vest, men ei strekke på 800 m med redusert fartsgrense gjennom tettstaden Kaupanger gir svært lite auke i reisetida. Trafikken kjem ofte i puljar frå ferja, noko som gjer tiltaket ekstra viktig.
Denne strekninga må derfor, med over 50 % lokaltrafikk og med stor aktivitet på begge sider av vegen, tilpassast tettstaden og ha maks 60 km/t.
Av fleire grunnar er det nå nødvendig at det blir gjort vedtak om at den midlertidige 60 km-sona gjennom Kaupanger sentrum, blir gjort permanent.
Dette vil bidra til eit rolegare trafikkmiljø med mindre støy mot skule, butikkar og bustader. Det vil vidare kunne gjere det lettare å få til vekst og god utvikling på Kaupanger, kor det er behov for ny barnehage og planer om nye bustadfelt og utvida sentrums- og næringsområde. Det vil dertil gjere det unødvendig å bygge nye tilførslevegar, som både vil vere kostbart og ta areal som kan bli nytta på betre måtar.
Kravet om at 60 km-sona skal bli gjort permanent, har vore reist ei tid. Mellom anna har lag og organisasjonar som representrar 140 barnehagebarn, 300 elevar, 800 medlemmar i idrettslaget, 1 200 arbeidsplassar, 60 bedrifter og 40 000 årleg besøkande på ViteMeir vitensenter der målgruppa primært er barn og familiar, sett fram krav om dette i brev til Statens vegvesen av 7. juli i år. Kravet er òg i samsvar med kommunestyret i Sogndal sitt syn.
Vedtak om permanent 60 km-sone må nå komme på plass, men Statens vegvesen blir opplevd å vere eit hinder for dette.