Skriftlig spørsmål fra Erlend Wiborg (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:94 (2024-2025)
Innlevert: 11.10.2024
Sendt: 11.10.2024
Besvart: 18.10.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Erlend Wiborg (FrP)

Spørsmål

Erlend Wiborg (FrP): Mener statsråden at kommuneøkonomien er bedre eller dårligere nå enn da regjeringen tiltrådte?

Begrunnelse

Eksakt samme spørsmål ble stilt til statsråden fra undertegnende (Dokument nr. 15:2956 (2023-2024)) men statsråden svarte ikke på selve spørsmålet. I stedet for å besvare spørsmålet kom en lang skryteliste fra regjeringen. Jeg ber derfor statsråden om faktisk å besvare spørsmålet som stilles.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Kommuneøkonomien blir avspegla i fleire indikatorar. I perioden 2022-2025 har regjeringa i dei årlege budsjettproposisjonane foreslått å styrke kommunesektoren sine frie inntekter reelt med over 20 mrd. kroner. Kva den faktiske inntektsutviklinga blir, avheng mellom anna av korleis den faktiske skatteinngangen og kostnadsutviklinga blir gjennom året. Samtidig som regjeringa har satsa på kommuneøkonomien er kommunane ramma av dyrtid, auka kostnader og auka rente. Eg har ved fleire anlendningar difor svart tydeleg på spørsmålet frå representanten Wiborg; nemlig at den økonomiske situasjonen i kommunane har blitt meir krevjande dei seinaste åra.
Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi ser på netto driftsresultat som den viktigaste indikatoren for å vurdere økonomisk balanse. Utvalet anbefaler at netto driftsresultat bør liggje på 2 prosent over tid for sektoren samla. I perioden 2015-2023 har driftsresultatet stort sett lege over dette nivået og i snitt vore på 3,2 prosent, noko som heng saman med stor meirskattevekst i denne perioden. Dei siste åra har meirskatteveksten vore mindre og den sterke kostnadsveksten har slått inn i sektoren, og driftsresultata har vore lågare. I 2021 var driftsresultatet 4,7 prosent, i 2022 på 3,5 prosent og i 2023 på 1,3 prosent.
Regjeringa er difor kjend med at mange kommunar opplever den økonomiske situasjonen som krevjande i 2024, og driftsresultata i 2024 er venta å bli svakare enn i 2023. Endringar i sentrale storleikar som skatteinntekter, deflator, demografi- og pensjonskostnader inneber ei svekking sidan saldert budsjett 2024. Regjeringa har allereie varsla at vi vil kome attende med ei tilleggsløyving til sektoren i nysalderinga.
Dei høge driftsresultata dei føregåande åra har gjort at kommunesektoren har bygd opp disposisjonsfonda år for år, og i 2022 utgjorde dei nesten 100 mrd. kroner, noko som svarte til 14,9 prosent av driftsinntektene. No minkar desse fonda. I 2023 blei fonda redusert som følgje av at driftsresultata blei svakare, samstundes som kommunesektoren brukte av dei til å finansiere investeringar i bygg og anlegg.
Fleire år med høge driftsresultat har gjort at få kommunar har vore i ROBEK dei seinaste åra. På det lågaste, ved utgangen av 2019, var ti kommunar førde opp i ROBEK. To år seinare var talet 18, og i augneblinken er 23 kommunar førde opp i registeret. Talet har gått opp i løpet av 2024, noko som har samanheng med resultata i årsrekneskapane for 2023, og det er fare for ein ytterlegare auke i tida som kjem.