Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:81 (2024-2025)
Innlevert: 09.10.2024
Sendt: 10.10.2024
Besvart: 17.10.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Har Støre-regjeringen forkastet sitt eget mål om å fase ut private kommersielle aktører fra barnevernet?

Begrunnelse

Barne- og familiedepartementet skriver i sitt budsjettforslag for 2025 at:

"Det vil samstundes framleis vere behov for private kommersielle aktører i statlig barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet".

Støre-regjeringens mål om å fase ut private kommersielle aktører har bidratt til å ødelegge mangfoldet i tilbudet i barnevernstjenesten. Samtidig har Støre-regjeringen bevilget 430 millioner kroner siden 2021 og frem til sommeren 2024 for å styrke det statlige barnevernet. Resultatet så langt er seks nye plasser. 
Det vil være svært positivt hvis Støre-regjeringen nå har avlyst sitt eget mål om å fase ut private kommersielle aktører. Det vil bidra til å sikre bredden i tilbudet til sårbare barn.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Dei overordna prioriteringane på institusjonsområdet for 2025 er varetaking av bistandsplikta, auka beredskap og betre kostnadskontroll. Regjeringa vil samstundes halde fram arbeidet med å auke grunnberedskapen i institusjonsbarnevernet gjennom å styrkje dei statlege institusjonane. Målet er både å auke kapasiteten og gjere dei betre i stand til å vareta barna med dei største og mest samansette behova, slik det er brei fagleg-politisk semje om jamfør fagdirektoratets vurderingar og Stortingets handsaming av Prop. 133 L (2020–2021). I tillegg til at vidare oppbygging av statleg kapasitet vil vere ein prioritet framover, ønskjer regjeringa òg eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar.
Dei overordna prioriteringane inneber og at det vil vere behov for private kommersielle aktørar i statleg barnevern framover. Som det står i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett, skal det leggjast til rette for at alle aktørane kan byggje langsiktig kapasitet.
Eg vil understreke at den overordna utviklinga av institusjonsområdet skal vere i tråd med regjeringa sin strategi «Vårt felles ansvar – ny retning for institusjonsbarnevernet».