Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:76 (2024-2025)
Innlevert: 09.10.2024
Sendt: 09.10.2024
Besvart: 17.10.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Har statsråden oversikt over hvor mange godkjente fosterhjem og fosterhjemsplasser som i dag finnes, fordelt på de ulike typene fosterhjem og plasser?

Begrunnelse

BufDir har god oversikt over hvor mange barn som bor i fosterhjem. Derimot kjenner jeg ikke til at det finnes god statistikk på hvor mange godkjente fosterhjem vi har i Norge, og hvor mange forsterhjemsplasser vi har totalt. I en situasjon der 250 barns står i fosterhjemskø er det det viktig å kjenne til hvor mange fosterhjem og fosterhjemsplasser vi har i total kapasitet, både for spesialiserte, ordinære kommunale og frikjøpe kommunale fosterhjemsplasser.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Representanten viser i si grunngjeving av spørsmålet til at mange barn ventar på fosterheim, og at det av den grunn er viktig å kjenne kor stor den totale kapasiteten er, eller kor mange ledige, klargjorde fosterheimar vi har.
Rekruttering av fosterheimar er ei felles oppgåve mellom Bufetat og kommunane. Før kommunen utløyser Bufetat si bistandsplikt, skal kommunen undersøkje moglegheita for fosterheim i familie og nære nettverk.
Ved utgangen av 2023 var det i følgje SSB 9 749 barn og unge i alderen 0-24 år som budde i fosterheim. Dette omfattar alle typar fosterheim, inkludert beredskapsheim og spesialiserte fosterheimar. Tre av ti barn som bur i fosterheim, bur i ordinære heimar som er rekrutterte innanfor familie og nære nettverk. Omkring fem prosent av alle barn som bur i fosterheim bur i beredskapsheim, og omkring like mange bur i spesialiserte fosterheimar. Det vil seie at seks av ti barn som bur i fosterheim, bur i ordinære fosterheimar som er rekrutterte utanom familie og nære nettverk.
Bufetats regionar arbeider kontinuerleg med å rekruttere fosterheimar. I 2023 var det 189 nye fosterheimar som vart rekruttert og klargjord av Bufetat. Dette er fosterheimar som har gått gjennom opplæring, og blitt vurdert som eigna og førehandsgodkjend av Bufetat. Til sist er det kommunen som godkjenner fosterheimen.
Talet på fosterheimar som blir førehandsgodkjend av Bufetat er ikkje uttrykk for den totale fosterheimskapasiteten i Noreg, i og med at mange fosterheimar rekrutterast i familie og nære nettverk.
Mange av dei nye fosterheimane som blir rekruttert av Bufetat, blir teke raskt i bruk etter at dei har gjennomført opplæring og eignavurdering. Klargjorde fosterheimar som ikkje blir teke raskt i bruk, registrerast i regionanes oversikter over ledige heimar. Per juni 2024 var det 74 ledige, klargjorde fosterheimar, fordelt på Bufetats fem regionar.
Spesialiserte fosterheimar er meint for barn med omfattande hjelpebehov, som eit alternativ til institusjon. Regjeringa har løyva auka midlar til spesialiserte fosterheimar (30 millionar kroner i året frå anna halvår i 2023). Spesialiserte fosterheimar kan rekrutterast både av Bufetat og av private aktørar. Ein del heimar som oppfyller krava til spesialiserte fosterheimar, nyttast heller som beredskapsheimar. I løpet av 2023 vart det kvalitetssikra 21 nye spesialiserte fosterheimar. Frå januar til september i år har 11 nye spesialiserte fosterheimar blitt kvalitetssikra. Nye, kvalitetssikra heimar passer ikkje til alle barn med behov for ein spesialisert fosterheim. Det kan derfor ta tid før ein kvalitetssikra, spesialisert fosterheim takast i bruk.
Det er framleis krevjande å rekruttere nok fosterheimar, og det er stadig alt for mange barn som må vente for lenge på ein fosterheim. Fosterheimsmeldinga varsla mange ulike satsingar som vil kunne bidra til å gjere rekruttering enklare og hindre at fosterforeldre avsluttar oppdraget. Blant anna vil regjeringa sikre at fosterforeldre blir kompensert for manglande tenestepensjon, og det ligg pengar til dette i forslag til statsbudsjett for 2025, i tillegg til midlar som skal sikre betre oppfølging av fosterheimar. Tilsaman utgjer dette 114 millionar kroner i 2025. Eg er glad for at stadig fleire fosterheimar rekrutterast frå familie og nettverk. Det har vore eit klart mål. Samtidig er dette ikkje nok, og det har høg prioritet å fortsette arbeidet med å rekruttere nok fosterheimar som kan ta imot barna som ventar.