Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:59 (2024-2025)
Innlevert: 07.10.2024
Sendt: 08.10.2024
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 17.10.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Den 26/9 blei 11 nye næringsklynger tatt inn i klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters. Næringsministeren sa då at «De nye klyngene representerer noe av det beste fra norsk innovasjon og samarbeid på tvers av sektorer og regioner (..) og skaper noe hver enkelt ikke kunne skapt alene». Den 7/10 vart klyngeprogrammet foreslått kutta med 28 mill. NOK (ca. 20 %).
Kva har skjedd mellom 26/9 og 7/10 som gjer at klyngeprogrammet som «skaper noe hver enkelt ikke kunne skapt alene» ikkje er så viktig for regjeringa likevel?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Klyngeprogrammet vert samfinansiert mellom NFD og KDD. NFD si løyving er oppretthalden på same nivå som tidlegare. Samen med noverande midlar frå KDD inneber dette at programmet kan ta opp nye klynger til 2025. KDD vil ikkje lenger samfinansiere programmet frå 2025. Dette betyr noko lågare samla løyving framover. I en tid med strenge prioriteringar er det ikkje funnet rom for ein slik prioritering i 2025.