Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:54 (2024-2025)
Innlevert: 07.10.2024
Sendt: 08.10.2024
Besvart: 15.10.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Brønnøysundregistra går i desse dagar ut til over 500.000 norske bedrifter og ber dei gå inn i eit skjema og registrere opplysingar om reelle rettighetshavarar.
Kva er årsaka til at Brønnøysundregistera ikkje berre kan hente desse opplysingane frå Skatteetaten, der desse opplysingane allereie er rapportert inn av bedriftene i samband med den årlege Aksjonærregisteroppgåva?

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Register over reelle rettshavarar skal leggje til rette for tilgang til opplysningar om reelle rettshavarar. Reelle rettshavarar er personar som vert rekna for å ha endeleg eigarskap eller kontroll over juridiske personar eller juridiske arrangement, typisk selskap. Reelle rettshavarar er alltid fysiske personar. Føremålet med å synleggjere reelle rettshavarar er å hindre at selskap blir misbrukte som skal for kriminell aktivitet, til dømes kvitvasking eller terrorfinansiering. Selskap kan både gi ein distanse mellom dei fysiske personane som utfører kriminaliteten, og også vere eigna til å gi eit skinn av legitimitet. Hensikta med registeret over reelle rettshavarar er å sjå gjennom selskapsstrukturane for å identifisere dei fysiske personane som eit selskap reelt sett representerer og vert kontrollert av.
For å bidra til å identifisere kven som kontrollerer eit selskap, er det vanleg å starte med eigarskapsopplysningar, og reelle rettshavarar vil i ein del tilfelle vere samanfallande med aksjeeigarar eller andre typar eigarar av eigardelar. Der eit anna selskap eig selskapet, det er avvikande fordeling av stemmerettar, eller det ligg føre andre avtalar om til dømes kven det er som kan stemme for eigardelar, kan det føre med seg at dei reelle rettshavarane ikkje er dei same som aksjeeigarane. Kontroll av ein viss del stemmerettar eller rett til å peike ut eller avsetje medlemmar i leiinga kan til dømes gi reell kontroll i selskapet. I tillegg skal personar som på annan måte utøver kontroll, identifiserast som reelle rettshavarar.
Til samanlikning skal Skatteetaten i aksjonærregisteroppgåva få informasjon om eigarar av aksjar i allmennaksjeselskap, aksjeselskap og sparebankar med eigenkapitalbevis, uavhengig av om desse er fysiske eller juridiske personar. Opplysningane dekkjer med andre ord ikkje alle typer selskap som register over reelle rettshavarar gjeld. I aksjonærregisteroppgåva blir det heller ikkje gitt opplysningar om fordeling av stemmerettar eller annan type kontroll over selskapa, og oppgåva kan difor ikkje erstatte dei opplysningane register over reelle rettshavarar krev registrert for å sjå gjennom selskapsstrukturane, jf. over. Aksjonæroppgåva blir og levert berre éin gong i året, der fristen for levering er 31. januar året etter det inntektsåret opplysningane gjeld for. Opplysningane i register over reelle rettshavarar skal oppdaterast løpande.