Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:44 (2024-2025)
Innlevert: 06.10.2024
Sendt: 07.10.2024
Besvart: 14.10.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): : Hvor mange barn og unge står i kø for å komme til på landets ulike rusinstitusjoner, og hvilke avrusningstilbud finnes i dag innen medisinsk støttet avrusning i helsevesenet for denne gruppen?

Begrunnelse

Siste årene har det vært stort fokus på hvilken helsehjelp barn og unge får innen rus og psykiatri. Særlig har det vært fokus på hvordan barn og unge under barnevernets omsorg får den hjelpen de bør ha krav på. Dessverre har det vært flere eksempler på at barn under det offentliges omsorg ikke har fått forsvarlig helsehjelp, noen med fatale konsekvenser.
I mai gjorde heldigvis Bufetat helomvending etter massivt politisk press og skrinla planene om å legge ned sårt etterspurte rusbehandlingsplasser ved Bjørgvin ungdomssenter Bønesstølen.
Imidlertid er det stadig behov for slike plasser og ikke minst spesialiserte plasser for medisinsk avrusning for barn og unge.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som representanten viser til, har det dei siste åra vore fokus på kordan barn og unge under barnevernets omsorg får den helsehjelpa dei har krav på. Regjeringa la i vår fram strategien «Vårt felles ansvar – ny retning for institusjonsbarnevernet». Eit av måla i strategien er at barn med rusmiddelproblem skal få trygg og heilskapleg hjelp, og eit anna mål er at barn som bur på institusjon skal få god helsehjelp. Med ny innretting skal barn oppleve ro, tryggleik og stabilitet, og sleppe flyttingar som ikkje er naudsynte. Det er også viktig for at barn kan sleppe brot i behandlingstilbod frå helsevesenet, som dei treng. I strategien varslar regjeringa at ein planlegg for å flytte ansvar for rusbehandling frå barnevernet til spesialisthelsetenesta.
Bufetats rusinstitusjonar er i dag behandlingsinstitusjonar for barn som har vist alvorlege åtferdsvanskar ved vedvarande problematisk bruk av rusmiddel. Bufetat har 68 plassar på rusinstitusjon per no. Av desse er 20 i statlege institusjonar og 48 i rammeavtale med private, i hovudsak ideelle leverandørar.
Dersom Bufetat ikkje klarar å levere eit forsvarleg tiltak til rett tid, får Bufetat brot på bistandsplikta dei har etter barnevernslova. Bufetat har i 2024 sjølv vurdert at dei i 151 tilfelle ikkje har levert eit forsvarleg tiltak til rett tid. Dette er i hovudsak akuttplasseringar, men 16 av tilfella var planlagde plasseringar. Av desse er det registrert fem tilfelle der det var søkt om plass på barnevernsinstitusjon med målgruppe rus. Det kjem fram av registreringa at ungdommane har måtte bu på barnevernsinstitusjon for målgruppe akutt eller omsorg i påvente av plass på rusinstitusjon.
Sjukehusa har tilbod om medisinsk støtta avrusing. Desse tilboda skal òg ta imot barn frå barnevernets rusinstitusjonar.