Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:35 (2024-2025)
Innlevert: 04.10.2024
Sendt: 04.10.2024
Til behandling

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kvifor har regjeringa foreslått å endre omrekninga av franske vitnemål gjennom Samorda opptak på ein slik måte at det kraftig svekkar verdien av oppnådde karakterar i Frankrike, og meiner regjeringa at dette vil styrke eller svekke utdanningssamarbeidet mellom Noreg og Frankrike?

Begrunnelse

Regjeringa har nylig gjennomført ei høyring av forslag til endringar i opptaksforskrifta, utarbeida av HK-dir og Samordna opptak. Endringane medfører mellom anna ei stor endring i omrekningsmodellen for franske karakterar til norske karakterar når ein søker opptak til høgare utdanning.

Fram til no har det m.a. vore slik at ein oppnådd karakter i Frankrike mellom 15,5 og 20 vert rekna om til den norske karakteren 6. Dette tilsvarar praksis frå samanliknbare land. I Storbritannia vert typisk karakterar frå 15 og oppover rekna om til toppkarakteren AAA, i USA vert karakterar frå 16 og oppover rekna om til toppkarakteren A+, og i Tyskland vert karakterar melllom 15,9 og 20 rekna om til toppkarakteren 1.

I høyringa av ny opptaksforskrift vert praksis føreslått endra, slik at ein må heilt opp i den maksimale franske karakteren 20 for å bli rekna om til norsk 6-ar. Dette framstår svært urimeleg og lite samanliknbart. Det er til illustrasjon om lag dobbelt så stor andel norske elevar som oppnår karakteren 6, som det er franske elevar som oppnår karakteren 20.

Noreg har gjennom ein bilateral avtale med Frankrike hatt eit viktig utdanningssamarbeid i over 100 år, der 22 norske elevar kvart år får moglegheita til å gjennomføre Lycée (vidaregåande utdanning) i Frankrike. Høyringsrunden viser at det er sterk uro hjå mange for at devalueringa av franske karakterar som no er føreslått vil skade dette samarbeidet, og i verste fall kan føre til nedlegging av dei tradisjonsrike norske seksjonane i Frankrike.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig