Skriftlig spørsmål fra Geir Jørgensen (R) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:28 (2024-2025)
Innlevert: 04.10.2024
Sendt: 04.10.2024
Besvart: 11.10.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Geir Jørgensen (R)

Spørsmål

Geir Jørgensen (R): Vil ministeren utrede muligheten for å skjerpe importvernet gjennom økt toll og/eller redusert importkvote for å styrke posisjonen og konkuranseevnen til norske storfeprodusenter?

Begrunnelse

Som følge av store mengder storfekjøtt på reguleringslager, tar nå Nortura grep med redusert fryst pris. Dette er noe som vil hardt ramme storfeprodusentene, og som dermed kan ramme vår selvforsyningsevne og beredskap, ettersom redusert produksjon fra drøvtyggerne betyr mindre bruk av norske beiteressurser.
Reguleringslagrene for 2024 har vært preget av mye kjøtt på lager. Ved starten av året var over 7500 tonn storfe på lager. Aldri før har en så stor mengde storfekjøtt vært på lager, det satte en ny rekord. Nå har mengden gått ned til rundt 5 000 tonn, noe som fortsatt er enormt høyt, særlig i et historisk perspektiv. I perioden januar til august i år, har samtidig 6 000 tonn storfekjøtt blitt importert fra utlandet.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Eit sterkt og velfungerande tollvern er ein sentral del av den norske landbruksmodellen. Det er bakgrunnen for at tollvernet for einskilde grønsaker og potet vert styrka i 2024.
Noreg har bunde kvotar for storfekjøtt både i WTO-avtala og bilaterale handelsavtalar (EU og SACU-landa). I tillegg har vi gitt u-land storfekjøttkvotar gjennom GSP-systemet vårt. Vi har også gitt ein mindre kvote på ti tonn tørka storfekjøtt til EFTA-landa.
Det er ulik utnyttingsgrad mellom dei ulike importkvotane for landbruksvarer Noreg har gjeve i ulike avtalar. Kvotane for storfekjøtt har historisk hatt full eller nesten full utnytting. Det totale kvantum for alle kvotane er til saman 7 794 tonn. Det vart importert 7 282 tonn under kvotane i 2023. Det ga ei utnytting på 93 prosent av det totale kvantumet. Kvotane blir fordelt anten etter auksjonar gjennomført av Landbruksdirektoratet eller ved fordeling frå Tolletaten etter prinsippet «førstemann-til-mølla».
Med unntak av einskilde u-landskvotar er kvotane sitt kvantum og tollavgift bunde i internasjonalt forpliktande avtalar. Desse ligg fast.
Kvotane, som blir utnytta årleg, er godt innarbeidd hos aktørane i den norske kjøttmarknaden. Dei er i praksis ein del av marknadsreguleringa, og inngår i Nortura sine kalkylar når dei balanserer tilbod og etterspurnad i det norske marknaden. I tidlegare år med underskot på storfekjøtt i den norske marknaden, har Landbruksdirektoratet i periodar sett ned tollsatsen for å kunne supplere den norske marknaden med storfekjøtt. I nokre år har importen vore langt høgare enn i dag, opp mot 20 000 tonn. Grunna overskot i den norske marknaden vart det ikkje tollnedsettingar i 2023. Det er heller ikkje venta i 2024.
Berre om lag 100 tonn storfekjøtt vart importert til ordinær toll i 2023. Ei auke av tollsatsen på storfekjøtt vil soleis, med situasjonen og prisnivået som er i dag, i lita grad påverke eksisterande handel då kvantum og tollavgift innan importkvotane er bundne og ligg fast.
Styrken i tollvernet avheng av skilnader mellom norsk pris og internasjonal pris. Denne varierer mellom år og med det også styrken i tollvernet. Endringar i kursen på norske kroner påverkar også styrken. Ei svekka krone dei seinare åra har isolert sett betydd auka importprisar, og dermed eit sterkare tollvern for norske produkt. Dette speglar seg og i svært låg import til ordinær toll utanfor våre kvotar dei seinare åra.
I dag er styrken i tollvernet for storfekjøtt god og importen av storfekjøtt er i all hovudsak avgrensa til kvoteimport etter handelsavtalar. Vi følgjer med på utviklinga i styrken i tollvernet. Eit sterkt importvern er ein føresetnad for å oppretthalde ein norsk produksjon av storfekjøtt og andre sentrale produksjonar i landbruket.
Eg er usikker på kva ei utgreiing, slik representanten ynskjer, skal gje av ny kunnskap. Eg ser at me har tilstrekkeleg med kunnskap både om situasjonen i storfemarknaden og tollsystemet.