Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:26 (2024-2025)
Innlevert: 04.10.2024
Sendt: 04.10.2024
Besvart: 10.10.2024 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Korleis er pengane på posten «Menneskerettar» frå forliket om revidert statsbudsjett for 2024 brukt for å sikra auka støtte til menneskerettsforkjemparar og fremming av demokrati?

Begrunnelse

I regjeringas forslag til revidert statsbudsjett for 2024 var det føreslått eit kutt på 60,5 millionar kroner på kapittel 152, post 70 «Menneskerettar». I budsjettforliket mellom regjeringa og SV vart det lagt inn 60 millionar kroner til denne posten med merknad om at dette var pengar som skulle gå til «økt støtte til menneskerettighetsforkjempere og demokratifremme».

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)

Svar

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim: Forliket om revidert statsbudsjett for 2024 for posten «Menneskerettar» innebar at kap. 152, post 70 auka med 60 millioner kroner samanlikna med regjeringa sitt forslag til RNB.
Merknad om at aukinga skulle gå til auka støtte til menneskerettsforkjemparar og fremming av demokrati er fulgt opp.
40 millioner kroner går til menneskerettsforkjemparar, journalistar, andre medieaktørar og demokratiaktivistar i Aust-Europa, Sentral-Asia og Midtausten gjennom European Endowment for Democracy. Dette er ein uavhengig mekanisme etablert av EU i 2013 som gir fleksibel støtte til lokale demokratiaktivistar. Støtte legg til grunn tilslutning til demokratiske verdiar, respekt for menneskerettar og etterleving av prinsipp om ikkje-vald.
20 millioner kroner går til tre ulike globale ordningar som finansierer tryggingstiltak for utsette menneskerettsforkjemparar, inkludert dei som arbeider med menneskerettar til skeive og trus- og livssynsfridom. Dei tre ordningane er 1) Lifeline Embattled CSO Assistance Fund, 2) Dignity For All: LGTBQI+ Assistance Program 3) International Religious Freedom Fund (IREFF). Aktivitetane sikrar blant anna finansiell støtte til tryggleikstiltak, tryggleiksopplæring, rådgiving, psykososial støtte, evakuering og tilgang til trygge opphaldsstader ved akutt fare for overgrep, rettshjelp, støtte til politisk påverknadsarbeid og midlertidig livsopphald i særlege tilfelle. Det er det amerikanske utanriksdepartementet, US Departement of State, som forvaltar ordningane.