Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:22 (2024-2025)
Innlevert: 03.10.2024
Sendt: 04.10.2024
Til behandling

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kor mange fleire personar går heilt eller delvis på ytingar frå det offentlege no samanlikna med då regjeringa Støre vart utnemnd?

Begrunnelse

I trontalen vart det opplyst om at "145 000 flere har komet i jobb de siste årene". All den tid det er folketalsvekst i Noreg er ikkje dette veldig oppsiktsvekkande. Det vart derimot ikkje sagt noko i trontalen om kor mange fleire som går på ulike trygdeordningar no samanlikna med for tre år sidan.
Eg ber om absolutte tal for alle personar i Noreg som heilt eller delvis mottek ulike helserelaterte trygdeytingar, dagpengar, sosialhjelp, pensjon og andre ordningar som heilt eller delvis kjem til erstatning for arbeidsinntekt, og tilsvarande tal frå før denne regjeringa tiltredde.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig