Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:18 (2024-2025)
Innlevert: 02.10.2024
Sendt: 03.10.2024
Til behandling

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kan barne- og familieministeren stadfeste at det nyleg oppnemnde «Fødselsutvalet» vil vurdere den avvikande høge eigenbetalinga ufrivillig barnlause kvinner må betale for fertilitetsbehandling i helsetenesta både i eit likestillingsperspektiv, for å sikre sosial rettferd og for å auke fødselsraten slik det er tverrpolitisk semje om at vi ønsker?

Begrunnelse

Regjeringa utnemnde 9. august eit utval som skal undersøke årsakene til låge fødselstal og gi eit innblikk i kvifor og på kva måte dette påverkar samfunnet og foreslå moglege tiltak (Fødselsutvalet).

I Noreg er eigenbetalinga for fertilitetsbehandling for ufrivillig barnlause på 20 176 kroner. Det er avvikande høgt samanlikna med anna eigenbetaling i helsetenesta.

Mandatet til utvalet nemner ikkje eksplisitt den høge eigenbetalinga, men i P4 si 20-sending fredag 20. september uttalte Barne- og familieministeren at eigenbetalinga er noko ho forventar at utvalet går gjennom og kjem med ei tilråding om, jmf følgande sitat frå sendinga: «Eg synst det er ei veldig viktig påminning om at det er mange som må ha hjelp og som slit med det, og eigenandelane på assistert befrukting er noko som eg forventar at utvalet vil gå gjennom og kome med tilrådning om. «

Det er tverrpolitisk semje om at fødselstala må opp. WHO definerer infertilitet som sjukdom. På den bakgrunnen gir den avvikande høge eigenbetalinga for fertilitetsbehandling lita meining. Den aukar også risikoen for sosiale skilnader, ved at ufrivillig barnlause med dårleg råd ikkje får tilsvarande tilgang til fertilitetsbehandling som andre.
Det er så langt underteikna kjenner til få behandlingar, totalt seks, der pasientar blir pålagde ei eigenbetaling. Alle desse er vesentleg lågare enn for fertilitetsbehandling. All den tid det blir oppmoda til at fleire får barn, gir eigendelane for fertilitetsbehandling, regulert av Lønning II-utvalet (1997) lita meining, gitt dagens forståing og WHO sin definisjon av infertilitet som ein sjukdom og det tverrpolitiske ønsket om at det skal bli fødd fleire barn i Noreg.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig