Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram status og framdriftsplan for gjennomføring av Stortinget sitt vedtak ang. rv 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og kan ministeren samtidig leggje fram ei oversikt over kva dei ulike resursene i Statens vegvesen region midt blir forbrukt, gjeldande prosjekt, planlegging, prosjektering, anbodsarbeide fordelt pr. prosjekt no i 2024?
Begrunnelse
I behandlinga av Nasjonal Transportplan i år vedtok eit fleirtal i Stortinget følgjande vedtak:
III
Stortinget ber regjeringen framskynde rv. 15 Strynefjellet, inkl. arm til Geiranger i Nasjonal Transportplan 2025-2036 og sikre oppstart i første seksårsperiode.
I ulike møter med Statens Vegvesen blir det hevda at Utbyggingsdirektøren har kome med svært uklare signal om faktisk Statens vegvesen har tenkt å følge Stortinget sine vedtak og prioriteringar etter NTP behandlinga.
Dette med bakgrunn i at det angjeveleg fortsatt blir framholdt at Stortinget ikkje har forstått sitt eget beste ved å skrote Møreaksen, og der det nærmest blir påstått ein anna konklusjon en det NTP behandlinga slår fast ang skrotinga av Møreaksen heilt ut av NTP sine 12 år.
Dette i staden for å omtale, framsnakke og faktisk ta fatt i dei prosjekta som ER vedtekne framskunda og som faktisk skal gjennomførast og som skal byggjast jamf. NTP.
Det blir oppfatta direkte bekymring og usikkerheit ikring om Statens vegvesen er lojal mot dei vedtak som Stortinget har fatta, og om dei har tenkt å etterleve vedtaket ang straks gjennomføring av planarbeid, prosjektering og utlysing av RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger.
Det blir er også bekymring om at statsråden og regjeringa har tenkt å fortsette med å tillate at Statens Vegvesen brukar ressursar og plankapasitet på til dømes Møreaksen som er heilt ute av NTP, som igjen nødvendigvis vil kunne skje på bekostning av til dømes ny RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, eit prosjekt som eit fleirtal i Stortinget har pålagt regjeringa å framskunde og å gjennomføre i fyrste seksårperioden av NTP.