Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:7 (2024-2025)
Innlevert: 01.10.2024
Sendt: 01.10.2024
Besvart: 07.10.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren svare på kvifor Statens vegvesen i Innlandet ikkje kan nytte same skilt som til dømes blir nytta i Vestland og Møre og Romsdal fylker, når dette er områder med svært stor viltfare og som åpenbart vil trygge trafikken og redusere viltpåkøyrslar?

Begrunnelse

I eit spørsmål til Statens vegvesen i Innlandet ang. skilting av viltfare, der ein ynskjer fareskilt som kan flyttast, gjerne med fluoriserande og blinkande lys i særs utsatte viltområder vert det frå Statens vegvesen svart dette:

"Skilting av fare for vilt skal avklares med kommunenes viltmyndigheter og det er opp til denne myndigheten å definere når faren for viltpåkjørsel er stor, jfr. vegnormal N300 Trafikkskilt. Driftsseksjonene på Samferdselsavdelingen har dialog med viltmyndighetene om behovet for skilting, herunder sted og varighet. Det er Statens vegvesen, som skiltmyndighet for fylkesveg, som fatter vedtak om oppsetting av skilt. Skiltforskriften og vegnormalene N300 (Trafikkskilt) og N301 (Arbeid på og ved veg) gir oversikt over hvilke skilter som kan brukes langs veg. Ved permanent eller midlertidig viltfare brukes skiltene 146.1, 2 eller 3 (elg, rein eller hjort). Er faren vurdert å være særlig stor, kan det settes opp underskilt med «Stor elgfare». Skiltforskriften og vegnormal N300 gir ikke hjemmel bruke andre skilttyper, f.eks. fluoriserende trafikkskilt, for å varsle om fare for vilt. Statens vegvesen kan derfor ikke fatte vedtak om oppsetting av slike skilt langs fylkesveg."

Dette svaret finner eg merkeleg då eg fleire stadar i landet ser akkurat slike fluoriserande og blinkande fareskilt for viltvarsel.
Døme konkret på dette er til dømes på Riksveg 15 inn mot Stryn sentrum, der det står blinkande farelys, fluoriserande ved spesielle ansamlingar av Hjort som er der spesielt om vinteren.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Skilta på rv. 15 i Stryn som det vert vist til i grunngjevinga for spørsmålet, er to strekningsskilt med gult blinksignal (1098) i tillegg til fareskilt Hjort (146.3). Gult blinksignal angir at trafikantane må vise særleg aktsemd og varsemd. Skiltstrekninga var ei av sju strekningar som vart sette opp i 2017/2018 i Sogn og Fjordane i samband med eit forskingsprosjekt i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Norsk Hjortesenter. Prosjektet er no avslutta, og dei fleste skilta med lys er tekne ned. Det er også nokre slike skilt i Møre og Romsdal. Dette er altså permanente, kvite skilt, med blinkande, gult lys under.
I «Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2018 – 2021» vart nettopp dette forskings-prosjektet omtala og følgjande vart fastsett som oppfølgingstiltak 112:

«Statens vegvesen vil utarbeide en erfaringsrapport, med en beskrivelse av ulike tiltak etaten har gjennomført for å forhindre påkjørsel av vilt, og de erfaringene som er gjort.»

Konklusjonen frå forsøka som er utførte i Noreg viser at ingen av dei har nokon signifikant effekt. Verken dyra eller sjåførane endrar nok åtferd og eller fart, til at det fører til signifikant færre påkøyrslar av elg og hjort. Fartsmålingar utført i eit av Statens vegvesens forsøk viser at gjennomsnittsfarta berre går ned med ca. 1 km/t når gult varselblink varslar om stor elgfare. Funna som er gjorde i Noreg samsvarar stort sett med funn som er gjort i andre land. Dette går fram av Statens vegvesen sin rapport «Statens vegvesen sine forsøk for å redusere antallet viltpåkjørsler, Erfaringsrapport fra forsøk utført 2014–2021» som er eit svar på oppfølgingsvedtaket i «Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2018 – 2021».
Oppsummering og konklusjon i rapporten syner at skilting med ordinære fareskilt for vilt i kombinasjon med siktrydding, ledegjerde og viltsluser er dei viktigaste tiltaka vi har i dag. I tillegg er det konkludert med at bruk av nedsett fartsgrense på strekningar med mange viltpåkøyrsler kan vere eit godt og samfunnsøkonomisk lønsamt tiltak. Det er difor fastsett eit oppfølgingstiltak i gjeldande «Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2022 – 2025», tiltak nr. 174 som lyder:

«Statens vegvesen vil ta initiativ til å gjennomføre et prøveprosjekt med variable fartsgrenser på et utvalg strekninger med mange viltpåkjørsler, der fartsgrensen settes midlertidig ned i perioder med særlig stor viltfare.»