Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:3 (2024-2025)
Innlevert: 01.10.2024
Sendt: 01.10.2024
Besvart: 03.10.2024 av klima- og miljøminister Tore Onshuus Sandvik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): I den nye stortingsmeldinga om naturmangfald set ikkje regjeringa talfesta mål for vern av havet, trass i at Noreg er forplikta av ein global avtale om vern av 30 pst. av havområda.
Kan regjeringa, trass i manglande ambisjonar om å ta vare på havet, i det minste snart sørge for å fatte ei avgjerd om å opprette Stad Marine Verneområde i Vestland, ei viktig vernesak til havs som har som har vore gryteklar på regjeringa sitt bord sidan juni 2023 og har brei støtte frå både fagleg hald, berørte kommuner og fiskerinæringa i området?

Begrunnelse

Miljødirektoratet sende i juni 2023 over til Klima- og miljødepartementet tilråding om å etablere Stad marine verneområde i kommunane Stad og Kinn i Vestland fylke i tråd med tilrådinga frå Statsforvaltaren. Verneforslaget har brei støtte frå mellom anna berørte kommuner og bygder og frå fiskerinæringa i området.
Noreg har slutta seg til globale avtaler og mål om at 30 prosent av verdas hav skal vernast eller bevarast. I dag er berre 4,5 prosent av det norske sjøarealet innanfor territorialgrensa verna. Det føreslegne marine verneområdet Stad er eitt av dei 36 områda som "Rådgivende utvalg for marin verneplan" allereie i 2003 og 2004 tilrådde tatt med i første fase av marin verneplan.
Det føreslegne marine verneområdet Stad har naturverdiar som gjer at vern vil bidra til å oppfylle nasjonale og internasjonale mål om vern, og bidra til representativ bevaring av kystområde og territorialfarvatn.
Mykje av det særprega biologiske mangfaldet i havområda rundt Stad er knytt til havbotnen, mellom anna korallrev, spesielle kalkalgar og store areal med tareskog. Området er eit viktig oppvekst- og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Det er registrert nasjonalt verdifull stortareskog og det er kartfesta raudlista artar som djupvasskorallen augekorall. Videre inneheld området blautbotnområde og ålegrasenger.
Underteikna har purra på framdrifta av saka både i desember 2023 og i mars 2024, utan å få noko fornuftig svar på når ei avgjerd vil kome. No i september 2024 vart det på nytt sett i gong taretråling i det aktuelle området, som med stort sannsyn øydelegg tareskogar inne i det utpeikte verneområdet som er viktige oppvekstområde for fisk, hummar og andre marine artar.

Tore Onshuus Sandvik (A)

Svar

Tore Onshuus Sandvik: Vern er vårt viktigste og sterkeste virkemiddel for å bevare viktige naturområder i et langsiktig perspektiv. I Meld. St. 35 (2023–2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur — Norsk handlingsplan for naturmangfold slås det fast at regjeringen vil videreføre igangsatte verneprosesser knyttet til marint vern. Vi vil også identifisere nye kandidatområder for marint vern, inkludert i områder utenfor territorialfarvannet. Dette blir viktig for å kunne ta i bruk ny lov om vern av marin natur utenfor territorialfarvannet, som nylig har vært på alminnelig høring, og som vil bli lagt frem for Stortinget før påske 2025.
Vi ønsker også å sette et treffsikkert og kunnskapsbasert nasjonalt bevaringsmål for havarealene under norsk jurisdiksjon. Vi vil derfor komme tilbake med et nasjonalt mål for bevaring av havarealene når den pågående prosessen for å avklare hvilke områder til havs som kan rapporteres som bevart gjennom «andre effektive arealbaserte bevaringstiltak» («other effective area-based conservation measures» - OECM) er fullført.
Miljødirektoratets tilrådning om å opprette «Stad» marine verneområde, i kommunene Stad og Kinn, i Vestland fylke, ble oversendt Klima- og miljødepartementet 29. juni 2023. Det foreslåtte marine verneområdet har viktige naturverdier og vil bidra til å oppfylle nasjonale og internasjonale mål om bevaring av natur. Jeg har merket meg at opprettelse av Stad marine verneområdet har bred lokal støtte, noe som ikke minst er viktig for den videre forvaltningen av naturverdiene i området.
Disse prosessene tar likevel ofte noe tid. Saken behandles nå i departementet.
Avslutningsvis vil jeg for øvrig også minne om tidligere svar datert 14. desember 2023 og 21. mars 2024 til representanten Bjørlo der det redegjøres for verneprosessen for dette området.